Laster Arrangementer

Aasmund Nordstoga & Åsmund Reistad Sundag 6. desember Nye Sjodar folkemusikkscene, kl 17:00 335,- Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då…

Aasmund Nordstoga & Åsmund Reistad
Sundag 6. desember
Nye Sjodar folkemusikkscene, kl 17:00
335,-

Snart tindrar stjerner i gnistrande klar desembernatt. Då byd Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad på jolekonsert. Konserten byd på jolestemning i duoformat. Det blir perler frå salmeskatten og nyare verdslege jolesongar som lokkar fram lukten av granbar og eimen av jolebakst. Det blir høgtid og fest, frå Elias Blix til Alf Prøysen samt ein sving innom jol i Vinje ved Tarjei Vesaas.

I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Nokon har kalla konsertane deira for ei musikalsk lukkepille.

Konserten vert ei fin avslutning på jolemarknaden på Evju bygdetun same dag. 

Velkomen! 

Medverkande
Aasmund Nordstoga - vokal 
Åsmund Reistad - gitarar 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.