
Festivalkviss + Suigard + Gill Landry
Innhaldsrik og gratis torsdagskveld på Bull!
Festivalkviss + Suigard + Gill Landry
Torsdag 7. august 2025
The Bull Inn, kl. 19:00 – ca 00:00
Gratis!
Festivalkviss på Bull!
I samarbeid med Bull Inn er me glade for å kunne invitere til ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss. Kvissmester vil vere Torgeir Gullbekk Hansen, og spørsmåla vil som vanleg vere ei fin blanding av musikkrelaterte spørsmål – og heilt andre tema! Det blir ein fin premie til vinnarlaget!
Obs! Kvissen startar kl. 19:00 og vil vare i om lag to timar!
Kl 21:30 – Suigard
Suigard er ein ny duo i spagat mellom tradisjon og nyskaping. Duoen består av Vegard Hosarøygard frå Lom på gitar, og Sunniva Langås-Røiland frå Bø på hardingfele. Båe er studentar ved Noregs musikkhøgskule, der dei møttest hausten 2024 og raskt byrja samspelet. Suigard komponerer musikken sjølv, med eit særskild fokus på dansetakt. Repertoaret leiker med kontrastane mellom nytt og gamalt – noko som og speiler seg i ei litt uvanleg besetning. Med Suigard får du ei musikalsk oppleving i ny tradisjon – som får det til å rykkje i dansefoten.
Ca kl. 22:30 – Gill Landry
Ein flott torsdagskveld på The Bull Inn avsluttast med vaskeekte americana. Den Grammy-vinnande artisten Gill Landry er opphavleg frå Louisiana og starta karrieren sin som gatemusikant. Han budde i ein Volkswagen og reiste opp og ned nordvestkysten av USA for å spele. Frå 2004 til 2015 gjorde han suksess med det velkjende Nashville-bandet Old Crow Medicine Show.
Sidan han gjekk solo, har det rotlause sinnet og millionar av tilbakelagde turnémil gjeve Landry ei erfaring få kan måle seg med. På den musikalske reisa si har han slått seg saman med musikalske vener som Laura Marling, Justin Townes Earle, Brandi Carlile, The Felice Brothers, Mumford & Sons, Ben Harper, Michael Hurley, Bruce Hornsby, Warren Haynes og Nathaniel Rateliff, for å nemne nokre.
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.