Laster Arrangementer

Sundag 10. august kan du bli med på mange spennande kurs på Evju bygdetun. Alle kursa finn stad frå kl. 11:00 til kl 14:00. Ein deileg lunsj med ureist mat frå Evju bygdetun er inkludert i kursavgifta.

 


Påmelding til kurs:
[email protected]

Etter påmelding vil du bli tilsendt ei lenke for billettkjøp og betaling.
Obs! Dei forskjellige kursa må minst tre deltakarar for at kurset vert gjennomført!

 

Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar

Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytt til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena!

Kurs i blågras-gitar med Jon Solberg  
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar

Jon Solberg er gitarist, låtskrivar og songar med minst ein fot planta i bluegrass- og country-verda. Kurset er for deg som har lyst til å lære meir om denne drivande, rytmiske musikken. Jon lærer deg det han har tatt med seg på bluegrass-vegen gjennom å lytte til gitaristar som Doc Watson, Tony Rice, Maybelle Carter, Bryan Sutton, Molly Tuttle, Billy Strings og mange fleire. Du treng ein kassegitar, eit plekter og lyst til å spele god musikk. Jon lovar at det blir mest spel og minst prat – med fokus på låtar, «fiddle-tunes», akkompagnement, melodiar og improvisasjon. Bluegrass er perfekt for samspel mellom ulike strengeinstrument, og dersom du spelar mandolin eller banjo eller fele eller bass eller dobro eller noko anna akustisk med strengar på, er du hjarteleg velkommen!

Obs! Kursdeltakarane må ha med eigen gitar.

 

Kurs i munnspel med John Trygve Bakke  
335,- inkl. bill.avg. / 10 plassar

Er du ein av dei som går rundt og tenker at det hadde vore gøy å lære seg å spele munnspel? No har du ein gylden moglegheit til å kome i gang! Kursleiar John Trygve Bakke vil gi deg ei innføring i ulike teknikkar og grunnleggjande kunnskap om munnspelet sine mange bruksområde.

Obs! Kursdeltakarane må ha med eiget munnspel – helst i toneart C. Munnspel kan òg kjøpast på staden av kurshaldar.

 

Kortkurs i plantefarging av garn med Ingvild Flottorp
435,- inkl. bill.avg. / 8 plassar

Få ein kort og spennande introduksjon til plantefarging under Telemarksfestivalen. Planteriket i Evju sitt nærområde er base for farging av ullgarn. Materialkostnader er inkludert i prisen. Kanskje du får lyst til å prøve meir etter denne dagen?

 

 

Kurstilbodet på Telemarkfestivalen er støtta av KOMP og Norsk senter for folkemusikk og folkedans! Me takkar! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.