Laster Arrangementer

Magnhild Garnås Haugen, Martin Steinum Brun & Vemund Aukrust Sundag 15. november  Nye Sjodar folkemusikkscene, kl 19:00  275,- Velkomen til konsert med…

Magnhild Garnås Haugen, Martin Steinum Brun & Vemund Aukrust
Sundag 15. november 

Nye Sjodar folkemusikkscene, kl 19:00 
275,-

Velkomen til konsert med dei unge folkesongarane Magnhild Garnås Haugen frå Hjartdal i Telemark og Martin Steinum Brun frå Vågå i Gudbrandsdalen Desse er unge utøvarar som trass ung alder allereie har markert seg som dyktige folkesongarar og flotte representantar for sin respektive folkesongtradisjon. Med seg på laget har dei organist Vemund Olav Aukrust frå Lom.

I denne konserten vil dei presentere eit breitt repertoar av både salmar, stubbar, bånsullar og balladar frå desse to tradisjonsområda. Trass geografisk avstand, finn me att både strofer og vers med liknande tekstlege og melodiske motiv frå både Gudbrandsdalen og Telemark. Kanskje vitnar dette om eit fjernt felles opphav? I denne konserten møtast songane og sogene att, og dette i ei varm og stemningsfull stund der to av Noregs mest lovande, unge formidlarar er vertskap.

Som medmusikar har dei med seg Vemund Olav Aukrust på trøorgel. Vemund er ein habil organist, og har samarbeidd med både Magnhild og Martin ved tidlegare anledningar. Trøorgelet komplimenterer folkesongen godt, og gjev folkesongen rom til å utfalde seg på sine eigne premiss. Med orgelet i ryggen vil songarane bygge tydelege bruer mellom ulike versjonar frå sine respektive tradisjonsområde – som kanskje ikkje eigentleg er så ulike?

Velkomen! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.