Laster Arrangementer

Olaf G. Helland i ord og tonar

Kjell Chr. Midtgaard & Lars-Ingar Meyer Fjeld: Olaf G. Helland – 150 år
Sundag 10. august 2025
Bø bok og papir, kl. 13:00 – 14:00
235,-

I år er det 150 år sidan felemakaren Olaf G. Helland vart fødd. Dette vert markert med eit konsertføredrag med Kjell Christian Midtgaard, som tidlegare har gitt ut bok om felemakaren, og Lars Ingar Meyer Fjeld, som spelar slåttar på feler laga av denne superstjerna blant hardingfelemakarane i Noreg.

Føredraget vil kasta lys over den unike instrumentmakartradisjonen landet vårt har, der Bø har spela ei særskild rolle i halvanna hundreår, og setja Olaf G. Helland inn i denne tradisjonen. Spelet undervegs vert slåttar frå Telemark og Bø, framførte på nokre av dei klangfulle instrumenta hans.

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.