Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Konfekteska med dei mange gode bitane

Opningskonserten vil gi publikum nokre smakebitar frå den deilege musikalske konfekteska som årets festivalprogram er. I år er det frivilligheita sitt år, og få – om nokon – har gitt meir av si tid til folkemusikken og folkedansen i Telemark enn Ellen B. Nordstoga. Ho vil opne årets festival med etterfølgjande innslag frå unge elevar i Vinje Spel og Dans. Anne Gravir Klykken vil vidare leie oss gjennom konserten med forrykande sigøynermusikk frå Gjertruds sigøynerorkester der sjølvaste Helge Jordal er gjest! Me vil møte spelsøstrene Annbjørg Lien og Catriona Macdonald med felespel frå Noreg og Shetland i vakker harmoni. Mattis Kleppen kjem med slåttebassen, og Spellemann-nominerte Thov Wetterhus tek med seg munnharpa frå Uvdal. Elevar frå talentkurset «Folkemusikk fordjuping» er sjølvsagt på plass. Spelemannslaget Bøheringen avsluttar kalaset og spelar publikum ut til dans i Framstugo!

Velkomen til ei nydeleg konfekteske av ein konsert!

 

Alle med billett til Opningskonserten kjem gratis på festivaldans i Framstugo etter konserten!

 

Få med deg heile kveldsprogrammet i Gullbring! Kjøp samlebilletten «GULLfredag»! Hugs å hente ut plassbillett til konsertane i Storsalen.

 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.