Laster Arrangementer

Landets beste duo har forsterka seg!

Sudan Dudan
Torsdag 1. oktober 
Bakgården, kl 20:00
285,- 

Anders Erik Røine og Marit Karlberg i Sudan Dudan sleppte si femte plate, «Mørke refreng», tidlegare i år. Sidan sist har den kjende duoen dobla seg til kvartett, med eminente Hans Hulbækmo på trommer og perkusjon og Magnus Skavhaug Nergaard på bass.

Tekstane ulmar av uro for notid og framtid, og ser bakover mot mytar og gåter frå tidlegare tider. Det handlar om jorda, sola, månen, stjerner og planetar, bortkomne brør, kranglande systrer, tap og sorg, om krafta i fantasien, om svaret på dei enklaste og vanskelegaste gåtene.

Slåtterytmikk og gamle balladestrukturar blir blanda med improvisasjon og eit mangfald av strenge- og rytmeinstrument. Danserytmane slyngjer seg sløyt og meditativt gjennom albumet, som ein siste vals. Det blir gjort enkelt og komplekst, stillfarande og intenst.

Me er glade for å kunne invitere til konsert med Sudan Dudan i Bakgården på denne første dagen i oktober.

Velkomen!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.