
Tingingsverket: «Istem»
Musikalsk verdspremiere!
Tingingsverk: «Istem»
Torsdag 7. august 2025
Bø hotell, kl. 19:00
365,- / 535,-* / 795,-** inkl. bill.avg.
Ikkje berre er det premiere på eit flunkande nytt tingingsverk – verda har heller aldri sett eller høyrd ein strykekvintett der alle instrumenta har understrengar. Før no! Tingingsverket «Istem» vert framført av ein flott bukett utøvarar frå skjeringspunktet mellom kammermusikken og folkemusikken. Hovudkomponist er Vegar Vårdal, medan Ottar Kåsa er solist. I tingingsverket ønskjer me både å vise likskap og kontrastar i desse to sjangrane ved å skape eit breitt uttrykk som kan opplevast som heimehøyrande i både det klassiske og det folkemusikalske uttrykket. Urframsyninga av tingingsverket på Telemarkfestivalen er ei storhending i seg sjølv, men det er òg ei verdspremiere for ein stryke kvintett der samtlege instrument har understrengar som syng i lag – noko som gir ein heilt ny klangbotn og rom for eksperimentering. I tingingsverket vil det vere nykomponert og nyarrangert musikk med hovudvekt på slåttemusikk og i særleg grad lydarslåttane frå Telemark.
I tillegg til å vere solist er Ottar Kåsa sterkt involvert i tingingsverket. Han har nemleg laga hardingfelene, hardingbratsjen og hardingcelloen som vert nytta i framføringa.
* Gir inngang til båe konsertar på Bø hotell denne kvelden.
**Middag og konsert? Det vil ligge godt til rette for store musikkopplevingar på hotellet denne kvelden som lett kan kombinerast med store matopplevingar. Konsert og middag får du for 795,-.
Medverkande
Ottar Kåsa – hardingfeleVegar Vårdal – hardingfele
Nora Taksdal – hardingbratsj
Sivert Holmen – hardingfele, hardanger d’amore
Johannes Martens – hardingcello
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.