Laster Arrangementer

Musikk, marknad og leik på torget!

Torgfestivalen – ein festival i festivalen
Laurdag 9. august 2025
Bø torg, kl. 11:00 – 16:30
Gratis!

Velkomen til Torgfestivalen – ein festival i festivalen!! Me gleder kånn til yrande folkeliv på torget med flotte gratiskonsertar, dans, Roheim-parade, spennande marknad og artige aktivitetar for store og små!

Det er valår, og me vil difor invitere til ein rein kulturdebatt der dei forskjellige partia vil diskutere aktuelle tema innan kulturlivet. Debatten vert leia av seniorforskar ved Telemarksforsking, Bård Kleppe.

Program for Torgfestivalen:
Kl. 11:00 – Torgfestivalen opnar
Kl. 12:00 – Konsert med UngFolk
Kl. 13:00 – Roheim-paraden køyrer i Bøgata
Kl. 13:30 – Torgdans
Kl. 14:00 – Kulturdebatt
Kl. 15:30 – Konsert Suigard
Kl. 16:30 –  Torgfestivalen stengjer

Endringar kan kome!

Arrangementet er støtta av Sparebankstiftinga Bø og Sparebankstiftelsen Telemark. Me takkar! 

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.