Laster Arrangementer

Musikk, marknad og leik på torget!

Endeleg er alle restriksjonar og smittevernreglar borte slik at me kan kose kånn i lag på Bø torg! Me vil invitere alle born, unge, unge vaksne, vaksne og eldre vaksne til å delta på Torgfestivalen – ein festival i festivalen! Telemarkfestivalen sin eigen torgdag har blitt svært populær! Me gledar kånn til yrande folkeliv på torget med flotte gratiskonsertar, dans, spennande marknad og artige aktivitetar for store og små!

 

Roheim-paraden på vegen igjen!

Meisterspelemann Anund Roheim budde lenge i Junaiten, og i tillegg til å spele hardingfele var han ein stor amcar-entusiast. Han tok med seg mange amerikanske glis heim til Bø! I lag med Eagle Car Club og Spelemannslaget Bøheringen er me glade for at Roheim-paraden nok ein gong vil køyre i Bøgata!

Meir detaljert program for dagen kjem!  

Medverkande
Meir info kjem!

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.