Nysgjerrig og lyst til å lære deg meir om songskattar frå Telemark, den gamle teknikken firfletting – eller kanskje du vil lære deg å lage di eiga bringeklutskjorte? Då bør du merke av sundag 14. august i kalendaren. Frå kl 11 og utover blir det kvedarkurs, kurs i firfletting og kurs i sying av bringeklutskjorte på Evju bygdetun!
Kvedarkurs med Anne Gravir Klykken
Sundag 14. august 2022
Evju bygdetun, kl. 11:00 – 14:00
335,- / 10 plassar
Velkomen til kurs i folkesong frå Telemark! Kurset blir ei uhøgtideleg samling der deltakarane syng seg
gjennom stubbar, viser, slåttestev og bånsullar frå Telemark med Anne Gravir Klykken som kursleiar. Kurset vil sveipe innom stiltrekk og historie knytta til songforma. Kurset kan passe både for deg som er nybyrjar, og for deg som er meir trena!
Kurs i firfletting med Torhild Aavik
Sundag 14. august 2022
Evju bygdetun, kl. 11:00 – 15:00
485,- (inkl. materialar) / 8 plassar
Har du lyst til å få ei innføring i firfletting? I gamle dagar var firfletting ein kjend teknikk over heile landet. Firfletting er i dag raudlista av Norges husflidslag. Det er snart slutt på folk som kan firflette på gamlemåten. Det ønskjer me å gjere noko med!
På dette fire timar lange kurset vil du lære å lage ei firflette på gamlemåten. Du vil også lære å firflette grunnbinding for å lage flater med teknikken. Vi arbeider vidare kreativt i ulike materialer og eksperimenterer to- eller tre-dimensjonalt.
Kurshaldar er Torhild Aavik frå Bø. Ho har lang erfaring med å halde kurs om firfletting!
Kurs i sying av bringeklutskjorte med Anne Lise Holte
Sundag 14. august 2022
Evju bygdetun, kl. 11:00 – 16:00
485,- / 6 plassar
Har du med beundring kikka på dei fargerike bringeklutskjortene som mange i Bø brukar til stakk og liv eller beltestakk? I år får du sjansen til å saume di eiga skjorte. Bringeklutskjorta er eit enklare alternativ til den høgstemte brodera skjorta i kvit bomull, og du kan saume den i ulike stoff som blomstra bomull, fløyel eller silke. Anne Lise Holte er ei erfaren syerske og vil vere instruktør på kurset.
Obs! Deltakarane må kunne beherske grunnleggande saum av klede, og må sjølv ta med stoff (2 meter), symaskin og sysaker. Kurset har begrensa med plassar.
.
Påmelding alle kurs: [email protected]
Kursdeltakarane får lenke til billettkjøp etter godkjend påmelding!
Kurstilbodet på Telemarkfestivalen er støtta av KOMP og Norsk senter for folkemusikk og folkedans! Me takkar!