Me har så vidt landa etter ei helg fylt til randen med strålande opplevingar og mektige augneblink! Telemarkfestivalen 2026 vil definitivt gå inn i festivalsoga som ein av dei verkeleg gode festivalane. Me trudde fjorårets festival var bra (og det var den jo), men også i år ser me på tal som me ikkje har sett før, og me koser kånn glugg med mange hyggelege tilbakemeldingar på gjennomføring og program!

Tusen hjarteleg takk til artistar, frivillige, publikum, leverandørar, sponsorar, støttespelarar, samarbeidspartnarar og absolutt alle som har vore med å skipe til årets festival!

DEKKAN E GOE! 

Telemarkfestivalen 2027 vil finne stad 12. – 15. august!

VELKOMEN ATT! 

Foto: Knut Utler