Våre konsertarenaer
Telemarkfestivalen sine arrangement finn stad på fleire forskjellige stader i og rundt Bø! Kvifor ikkje bare ha alt på ein og same scene, spør du kanskje? Me nyttar lokalar som gir dei beste føresetnadene for dei beste konsertopplevingane, svarar me då!
Har du spesielle behov for deltaking?
Diverre er ikkje alle av festivalens mindre konsertstader like godt egna for personar med funksjonshemming. Ta difor gjerne kontakt med oss om du sit i rullestol eller har andre spesielle behov i høve deltaking på Telemarkfestivalen sine arrangement, så vil me gjere vårt beste for å gi deg ei flott konsertoppleving!
Ring eller send e-post til dagleg leiar Kristoffer Mosfjeld:
48 20 50 66 / [email protected]
Velkomen!
Gullbring Kulturhus
Telemarkfestivalen vil i år nytte Gullbring kulturhus med staselege konsertar i Framstugo og i Storsalen.
Gullbringvegen 34, 3800 Bø
Sandvinparken
Me kler vakre Sandvinparken i festivaldrakt med flott musikk, god stemning og mange fine folk!
Sandvinvegen 14, 3800 Bø
Bø torg
Bø torg er den store møteplassen i kommunen og i samband med Telemarkfestivalen åstad for marknad, gratiskonsertat og aktivitetar for store og små.
Kroa i Bø
Kroa i Bø er den største konsertscena me har i Midt-Telemark, og er ein perkekt plass for dei store konsertopplevingane!
Lundevegen 61, 3800 Bø
Bakgården
Koseleg og intim konsertarena som òg er festivalkontor i samband med festivalen!
Gullbringvegen 6. 3800 Bø i Telemark
The Bull Inn
Øvst i Bøgata finn du The Bull Inn – ein irsk pub med live musikk og god stemning – som seg hør og bør!
Bøgata 11, 3800 Bø
Nye Sjodar og Evju bygdetun
Evju bygdetun og Nye Sjodar folkemusikkscene ligg vakkert til mellom Bø og Gvarv!
Sætrevegen 44, 3810 Gvarv
Konsertlåven
Ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale har laga seg ein flott konsertlåve som Telemarkfestivalen er glade for å kunne nytte til konsertar i samband med festivalen!
Nordbøvegen 10, 3800 Bø
Bø gamle kyrkje
Ei nydeleg kyrkje frå 1100-talet med ein heilt spesiell atmosfære.
Bøhaugen, 3800 Bø i Telemark