Program2026-06-01T10:53:31+02:00

Velkomen til Telemarkfestivalen 2026!

Klikk her for å lese meir om programmet i vårt flotte programblad!

Praktisk informasjon om billettar: 
  • ALLE billettar til ALLE arrangement vert selt via Gullbring Kulturhus – anten digitalt på nett eller analogt over disk ved hjelp av dei hyggelege tilsette der! Det vil vere mogleg å betale i inngangen til konsertar som ikkje er på Gullbring, men det tek jo fort litt tid, så me vil tilrå å kjøpe billett via Gullbring i forkant – greitt med alt som er gjort, sei! Obs! Me har slutta heilt med kontantar.
  • Personar under 18 år må gå i følgje med edruelege foreldre/føresatte der det serverast alkohol på staden. Personar til og med 14 år kjem gratis inn på arrangementa. Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar.
  • Festivalpasset gir inngang til alle arrangement under festivalen – utanom kursa. Festivalpass gir utvilsamt mest musikk for pengane! Nokon vil kanskje seie at det vil vere direkte lønsamt!
  • Alle tidspunkt i programmet markerer konsertstart. Publikum bør kome til arena i god tid før konserten startar for å vere sikker på å ikkje gå glipp av noko.

Spørsmål knytt til eBillett og kjøpsprosessen kan rettast til Gullbring kulturhus / tlf. 350 60 390 /[email protected]

Andre spørsmål knytt til programmet og festivalen for øvrig kan rettes til festivalen/ tlf 482 05 066 / [email protected]

Ellers noko?

Fy fela som me gledar kånn til å sjå deg!

Festivalpass

Skal du på mange konsertar?
Kjøp deg eit festivalpass då vel!

Obs! Få festivalpass i sal! 

———————————-

Kjekt å vite om festivalpass: 

  • Det haldast av seter i Storsalen i Gullbring kulturhus til publikum med festivalpass. Meir informasjon om dette vert sendt ut på SMS nærmare festivalen.
  • På festivalarenaer med liten kapasitet er det tatt høgde for å få plass til publikum med festivalpass, men me vil likevel oppmode publikum med festivalpass om å kome tidleg til arrangementet for å vere sikra plass.
  • Billetten byttast inn i armband på festivalkontoret i Bakgården i Gullbringvegen 6 når det opnar torsdag 6. august kl 15:00.

 

Festivalpass

Gir adgang til alle arrangement under Telemarkfestivalen 2026.

Klokka Arrangement Spillested Pris Billett
Torsdag 6. august
19:00Tingingsverk: Tone Steinstad & familiekompet - "Viser frå før"Storsalen, Gullbring kulturhus365,- inkl. bill.avg.
20:00Kviss og jamBakgårdenGratis!
21:00Tingingsverk: Erland Dahlen - "Hornblend"Konsertlåven, Nordbøvegen 10285,- inkl. bill.avg.
Fredag 7. august
17:00Sam AmidonBakgården285,- inkl. bill.avg.
19:00OpningskonsertenStorsalen, Gullbring kulturhus365,- inkl. bill.avg.
20:00FredagsFOLK: Rosensfole 2026, AySay, ReolôKroa i Bø435,- inkl. bill.avg.
Lørdag 8. august
11:00Torgfestivalen – ein festival i festivalenBø TorgGratis!
13:00Familieframsyning: "Troll på sparket"Bø TorgGratis
13:00Doktorgradbad: Eilev Groven Myhren og Anne Svånaug BlengsdalenBø bok og papir235,- inkl. bill.avg.
15:00Bråten Berg, Solberg, Solberg, FlottorpKonsertlåven, Nordbøvegen 10335,- inkl. bill.avg.
17:00Songliner - Ingvill Marit Buen Garnås, Øyonn Groven Myhren, Aasmund og Odd NordstogaStorsalen, Gullbring kulturhus365,- inkl. bill.avg.
19:00LaurdagsFOLK: Odd Nordstoga, Marie Tveiten, E-76, Onstad/WallumrødSandvinparken655,- / 435,- inkl. bill.avg.
Søndag 9. august
11:00Sundagskurs på Evju bygdetun!Evju bygdetun335,- / 435,- inkl. bill.avg
11:00Kulturtur til SlettelibergjaSlettelibergjaGratis!
13:00Eivind Groven – 125 år: Øyonn Groven Myhren, Ottar Kåsa, Lars Henrik Johansen og Johannes MartensBø gamle kyrkje285,- inkl. bill.avg.
15:00Borgjakonserten: Alf Tveit & Håkon HøgemoNye Sjodar – Evju bygdetun285,- inkl. bill.avg.
18:00Jonas Alaska med Johanne FlottorpBakgården335,- inkl. bill.avg.

Tidlegare festivalprogram:

Go to Top