
Doktorgradbad: Laura Ellestad i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen
Doktorgradsbading
Laura Ellestad i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen
Laurdag 9. august 2025
Bø bok og papir, kl. 13:00 – 14:00
235.-
Laura Ellestad er hardingfelespelar og forskar, og ho underviser i folkemusikk på USN. No er ho òg den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule. I 2023 fekk ho godkjent doktorgradsavhandlinga, «Kappleiks and House Parties: Norwegian Traditional Fiddle in Upper Midwestern Contexts, 1900-1970». Prosjektet hennar undersøkar musikkulturen i norsk-amerikanske samfunn i det øvre Midtvesten i perioden 1900–1970, og skildrar korleis framføringsformer av dei to musikksjangrane bygdedansmusikk og norsk-amerikansk old-time music bidrog til å skape mangfaldige norsk-amerikanske identitetar i ein periode med store endringar i USA. I samtale med Anne Svånaug Blengsdalen vil Ellestad presentere funna hennar. Det er nærliggande å tenkje seg at publikum vil få oppleve ein og anna slått undervegs.
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.