12. november 2024 vandra Agnes Buen Garnås hen. Ho var ein sentral og høgt akta drivkraft innan norsk folkemusikk gjennom heile livet, og hennar engasjement og påverknad for tradisjon og utøving vil alltid bli hugsa.

Familien og Telemarkfestivalen har eit ønskje om invitere til ein konsert til ære for Agnes Buen Garnås fredag 31. oktober frå kl 19:00 til kl 21:00 på Sandvin ungdomshus i Bø i samband med Bøkappleiken som finn stad laurdag 1. november på same stad. Ein konsert med fokus på den vokale folkemusikken vil vere ein fin måte å ære henne på.

Konserten vil innehald opptredenar frå familie, tidlegare elevar og musikarvener som har vore nært knytt til Agnes gjennom åra.

Billettar i sal via Gullbring kulturhus.

MINNEKONSERT – PRAKTISK INFO

PARKERING:
Det er greitt med parkeringsplassar knytt til Sandvin og Sandvoll, men samkøyr gjerne til konserten. Det er elles ein kort spasertur på om lag 500 m frå Bø sentrum opp til til Sandvin.

TIDER:
Dørene på Sandvin opnar kl 18:00. Innslepp til hovudsalen blir kl 18:30. Konserten startar kl 19:00. Det vert ein pause på 20 min midtvegs i konserten, og konserten vil vere heilt ferdig ca kl 21:25. Etter konserten held me opent fram til midnatt.

BILLETTAR:
I skrivande stund er det 3 billettar att til konserten. Når desse er selt er konserten utseld, og det vil ikkje bli lagt ut fleire billettar for sal via Gullbring kulturhus. Det kan vere mogleg å freiste lukka i døra på Sandvin for å sjå om det er nokre ledige plassar.

MAT OG DRIKKE:
Det vert sal av mat og drikke i matsalen før konserten, i pausa og etter konserten.

Velkomen! 💚