Velkomen til Telemarkfestivalen sitt årsmøte som vil finne stad onsdag 4 . februar kl 18:00 i Bakgården i Gullbringvegen 6 (tidl. Bø bakgård & basar).

ÅRSMØTE
Korleis gjekk det eigentleg med Telemarkfestivalen i 2025, lurar du kanskje? Og er festivalen rusta for 2026? Svaret på desse spørsmåla får du på årsmøtet, for her vil me nemleg presentere årsmelding og rekneskap for 2025 og budsjett for 2026, samt velje ny styresamansetting. Kanskje me óg røpar litt av programmet for årets festival? Årsmøte vil vere frå kl 18:00 til ca kl 19:30.

Etter årsmøtet vil me nytte høve til å fortelje litt meir om planane for Bakgården som festivalen vil drive i lag med våre vener i Bø Jazzklubb.

Klikk her for å lese årsapport for Telemarkfestivalen si verksemd i 2025.