Laster Arrangementer

Kritikarrost amerikanar med sjeldan konsert i Noreg!

Sam Amidon
Fredag 7. august 2026
Bakgården, kl. 17:00
285,- inkl. bill.avg.

Sam Amidon kjem endeleg til Telemarkfestivalen! Den amerikanske songaren, låtskrivaren og multiinstrumentalisten er kjend for å fornye den amerikanske folkemusikktradisjonen på sitt heilt eige vis. Med røter i gamle balladar, salmar og tradisjonelle songar skaper han musikk som er både djupt personleg og dristig utforskande. Amidon nyttar seg av fele, gitar og banjo med frie arrangement, uventa harmoniske grep og ei særeigen, uttrykksfull stemme.

Med seg har han Chris Vatalaro på perkusjon og elektronikk, noko som tilfører eit ekstra lag av rytme, klang og stemning. Samspelet opnar for både stillferdige augeblikk og meir intense, pulserande parti. I ein konsert med Sam Amidon glir tradisjon og samtidsmusikk saumlaust i kvarandre, og publikum blir invitert inn i eit lydlandskap fullt av nærleik, nysgjerrigheit og musikalitet.

Velkomen! 

Medverkande
Sam Amidon – vokal, fele, banjo, gitar
Chris Vatalaro – perkusjon, elektronikk

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.