Telemarkfestivalen har ein lang tradisjon for å presentere nye tingingsverk. Som ein del programmet for Telemarkfestivalen 2026 ønskjer me å presentere heile to tingingsverk. «Viser frå før» vil ha sitt utgangspunkt i Tone Steinstad sitt rikhaldige kjeldereperotar innanfor folkesong frå Telemark. Utvalde folkesongar vil bli arrangert og framført i lag med Tone si dotter, tre barnebarn og eit oldebarn. «Hornblend» vil ha sitt fokus på perkusjon i folkemusikken med Erland Dahlen som komponist og utøvar. Båe tingingsverka vil vere med utøvarar frå Telemark og båe vere inspirert av den unike folkemusikkarva me har i fylket. – Dei to tingingsverka vil vere truleg vere svært forskjellige i form og uttrykk, og i lag vil dei to tingingsverka vere med på vise den store breidda og krafta i folkemusikken, seier festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld.

Smakebit i fjor, tingingsverk i år
Tone Steinstad er ei uvurderleg kjelde til tradisjonelle folkeviser frå Telemark, og ho har samla eit rikt repertoar gjennom eit langt liv. I 2024 albumdebuterte ho med plata «Viser frå før» – 89 år gammal – og viste med det at det aldri er for seint å dele musikken som bur i ein. I 2025 invitere Telemarkfestivalen Tone Steinstad til å framføre tre viser som ein del av programmet for Opningskonserten. Med seg på scena hadde ho dotter Gunn Steinstad, barnebarna Eivind, Sigrid og Håkon Aase og oldebarnet Gunnhild Aase – fire generasjonar på same scene med andre ord! – Dei røyrte publikum til tårer og fekk ståande applaus. Det var tydeleg for alle i salen at dette er ei kulturskatt av dei sjeldne, fortel Mosfjeld. Tre folkeviser er berre toppen av isfjellet med tanke på det sjølvlærte repertoaret til Tone Steinstad. Difor er det ei stor glede for Telemarkfestivalen å kunne presentere tingingsverket «Viser frå før» – ein fullverdig konsert med utgangspunkt i Tone si rike songarv! Tingingsverket vil opne festivalen torsdag 6. august kl 19:00 i Gullbring kulturhus.

Meir info og billettar her.

Slagkraftig slåttespel
Perkusjon har ein lang, men ofte oversett, historie i norsk folkemusikk. Samanlikna med hardingfele og trekkspel har reine rytmeinstrument fått mindre merksemd. I andre delar av verda står perkusjon langt meir sentralt i folkemusikken, der perkusjon og rytme er sjølve grunnmuren musikken. Rytmen spelar likevel ei heilt avgjerande rolle i hardingfelespelet og er noko av det som gir slåttane liv og karakter. Rytmen er tett samanvoven med ornamentering, bogeføring og dynamikk, og det er i samspelet mellom desse elementa at uttrykket kjem til sin rett. I tingingsverket «Hornblend» ønskjer Erland Dahlen å undersøke i kva grad ein kan overføre ornamentikken, og dynamikken frå melodiske og klangrike slåttespelet til eit reint perkusjon-orientert uttrykk. – Er det ein som kan klare dette kunststykket, ja, så må det vere Erland Dahlen, seier Mosfjeld. Dahlen kjem frå Helgen i Nome kommune og er ein norsk trommeslagar og perkusjonist kjend for sitt særprega og utforskande lydbilete. Han kombinerer tradisjonelle trommer med eit breitt spekter av utradisjonelle lydkjelder. Dahlen er oppteken av klang og rom, og brukar ofte perkusjon til å skape stemningar heller enn berre rytmar. Dahlen har gjeve ut fem kritikarroste studioalbum med dette som tilnærming. Torsdag 6. august kl 21:00 er han klar med tingingsverket «Hornblend» i Konsertlåven i Nordbøvegen 10. Tingingsverket vil gå saumlaust over i konsert med Erland Dahlen og gitarist Geir Sundstøl, der trommekunst og strengemagi vil gå saman i ei høgare einskap! Det er første gong me nyttar konsertlåven på kveldstid og eg trur det kjem til å bli heilt fantastisk, seier Mosfjeld.

Meir info og billettar her.

Foto: Jon Petter Etnestad

Tingingsverka lev vidare
Telemarkfestivalen har ein lang tradisjon for å presentere nye tingingsverk. Å satse tungt på tingingsverk er eit strategisk val festivalen har tatt for å nå målet om å vere ein viktig arena for fornying og nyskaping innanfor folkemusikken. Mange av tingingsverka til Telemarkfestivalen har vist seg å leve godt etter festivalen, i form av at dei blir spelt andre plassar, og at dei blir spelt inn og gjeve ut på plate. – «Istem» frå 2025 vart sleppt på plate i mars til strålande mottaking, «Som lindi bere lauv» frå 2023 vart sleppt på plate i fjor og me veit at Håkon Aase har vore i studio for å spele inn «Locus» – det flotte tingingsverket som ble presentert på Pakkhuset i 2024, fortel Mosfjeld som meiner at dei to nye tingingsverka i 2026 òg vil ha gode føresetnader for å kunne leve vidare i åra som kjem.