Den nye programposten Songliner løfter fram korleis songtradisjonar blir borne vidare mellom menneske, generasjonar og kulturar.
Laurdag 8. august kl. 17:00 møtest Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga, Odd Nordstoga og Ingvill Buen Garnås i Gullbring kulturhus til ei særskild konsertoppleving – og eit felles minneprogram for mødrene deira, som alle gjekk bort i 2024. Gjennom tradisjonell solo kveding og folkesong blir dette eit møte om arv, vidareføring og songen som gåve frå dei som var før oss.
Songen som bind oss saman
Songliner er ein ny programpost mynta på møte mellom folkesongarar og tradisjonar. Namnet peikar mot korleis songen kan vandre i liner mellom generasjonar, familiar, folk, land og kulturar – og korleis musikken bind menneske saman over tid og stad. Med Songliner ønskjer festivalen å skape ein arena for songmøte der tradisjonar blir delte, utfordra og førte vidare. Årets konsert markerer starten på eit langsiktig arbeid, der Songliner skal utviklast vidare. På sikt vil konseptet òg romme møte mellom folkesongarar frå ulike tradisjonar og land.
Møte mellom sterke tradisjonsberarar
I den første Songliner-konserten møtest Ingvill Marit Buen Garnås, Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga og Odd Nordstoga – fire utøvarar med sterke røter i den vokale folkemusikken i Telemark. Konserten blir samstundes eit felles minneprogram for mødrene deira: Agnes Buen Garnås, Dagne Groven Myhren og Ellen Bojer Nordstoga – som alle vandra hen i 2024. Kvar av dei hadde eit sterkt engasjement for å halde kvedartradisjonen levande og føre han vidare til nye generasjonar. Nettopp denne arven og det musikalske påskuvet heimanfrå gjer møtet mellom desse fire særleg meiningsfullt. Alle er markante formidlarar av norsk folkesong, og i denne konserten vil den tradisjonelle solo-kvedinga stå i sentrum.