Velkomen til Telemarkfestivalen 2026!
Fy fela som me gleder kånn til Telemarkfestivalen 2026! Me gleder kånn til eit mangfaldig og godt program med mykje flott folkemusikk! Me gleder kånn til to spennande tingingsverk og andre konsertar som me har laga heilt sjølv, me gleder kånn til konsertar og samvær i Bakgården, me gleder kånn til ein råtøff fredagskveld på Kroa i Bø, me gleder kånn til yrande folkeliv på Torgfestivalen, me gleder kånn til laurdagsmoro og Vest-Telemark-fest i Sandvinparken, me gleder kånn til Borgjakonserten på Evju bygdetun. Me gleder kånn rett og slett til å skipe til ein fantastisk festival med mange unike og magiske augneblinkar! Og mest av alt gleder me kånn til å sjå DEG!
Telemarkfestivalen har eit mål om å alltid balansere ivaretaking og nyskaping og trur at det tradisjonelle og det moderne er gjensidig avhengige av kvarandre. «Å ta vare på er å ta i bruk» som Knut Buen pleier å seie. På Telemarkfestivalen lovar me eit alltid like spennande møte mellom då og no; mellom fortid og framtid, fordi me trur at tradisjonen skal både nyttast og brukast. Folkemusikk kjem frå ein stad og skal ein plass som ingen helt veit, men på vegen dit skjer det fantastiske ting – til dømes på Telemarkfestivalen 2026!
Fy fela så velkomen du er!
Klikk her for å lese meir om programmet i vårt flotte programblad!