Laster Arrangementer
Dette event har allerede funnet sted.

Velkommen til eit seminar der vi ser på ulike sider ved tillit i kulturfeltet: mellom publikum og arrangørar og mellom folk, felt, forvaltning og politikarar. Alle med engasjement for kunst og kultur er velkomne.

Tillit eller fallitt? Om tillit og legitimitet i kulturfeltet
Onsdag 23. september, kl 11:30 – 16:00
Bakgården
Gratis!

Arrangementet er ope for alle interesserte, men rettar seg spesielt mot aktørar i kultursektoren: arrangørar, forvaltning, artistar/kunstnarar og andre næringsdrivande i sektoren, og dessutan politikarar, studentar og akademikarar med interesse for kunst- og kulturfeltet.

Bakgrunnen er ein tilspissa offentleg debatt om kulturøkonomi. Forsking peikar på at kommunale kulturmidlar blir kutta i ein pressa økonomisk situasjon. Samtidig blir førestillinga om ei kulturkrise utfordra, ved påstandar om at kultursektoren framleis er relativt godt finansiert.

Vi ser aukande tendens til mistillit og kritikk, mellom anna knytt til fordelingsmekanismar, habilitet og makt i kulturfeltet. I dette spenningsfeltet reiser det seg eit grunnleggjande spørsmål om tillit og legitimitet: Kva skjer med tilliten til kulturfeltet når ressursane blir stramma inn, og når prioriteringane blir tydelegare og meir omstridde?

Debattar om støtteordningar, fordeling og rolla til kunsten i samfunnet handlar ikkje berre om økonomi, men også om kven og kva vi har tillit til – til kunstnarar, institusjonar, forvaltningssystem og kulturpolitikken i og for seg. Og om tilliten publikum har til arrangørar.

Kunst- og kulturfeltet har ei særeigen plass og rolle når det gjeld tillit i samfunnet. Det legg til rette for ytringar som gjerne er kritiske, men gjennom det også produktive: det er ein viktig arena for produksjon av tillit til demokrati og samfunn. Kan denne rolla haldast oppe om tilliten til kunst- og kulturfeltet sjølv er svekt?

Program: 

Kl. 12:00 – Velkomen og innleiing til tema

Kl. 12:10 – Tobias Harding: «Utfordring av den nordiske modellen: Kulturpolitikken hos populistiske politiske partier i Norden»

Kl. 12:30 – Kulturdirektoratet

Kl. 12:50 – Kort pause

Kl. 13:00 – Are Søberg / Sløseriombudsmannen

Kl. 13:20 – Bård Kleppe: «Kutt i praksis – kva veit vi?»

Kl. 13:40 – Kort pause

Kl. 13:50 – Kristoffer Mosfjeld og Mari Beate Sannes i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen: «Tillit og truverd i festivalverksemda».

Kl. 14:10 – Kristoffer Mosfjeld i samtale med Symre Taugbøl Bang: «Tillit mellom utøvar og arrangør = ein god konsert?».

Kl. 14:20 – Kunstnarisk innslag ved Symre Taugbøl Bang

Kl. 14:30 – Pause

Kl.14:50 – Panelsamtale: Om tillit og legitimitet i kulturfeltet: Nanna Løkka, Mari Beate Sannes, Symre Taugbøl Bang, Are Søberg og moderator, Arne Olav Lunde Hageberg

Kl. 15:40 – Kunstnarisk innslag ved Symre Taugbøl Bang

Mingling og enkel servering.

Endringar kan kome.

Seminaret finn stad i høve Forskingsdagane og er eit samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge, Telemarksforsking og Telemarkfestivalen.

Velkomen!


Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.