Laster Arrangementer

Sharaka Ensemble i Bakgården!

Sharaka Ensemble
Fredag 18. september

Bakgården, kl 21:00 
350,-/250,-

 

Sharaka Ensemble er eit norsk-palestinsk musikar- og komponistkollektiv. Musikarane har lang erfaring frå ulike crossover-prosjekt, og samstundes har kvar og ein eit ståstad i anten norsk eller arabisk tradisjonsmusikk. I møtet mellom musikarane oppstår det ei spenning som gir inspirasjon til å skape heilt ny musikk – der lyden av folkemusikkinstrument går inn i meir urbane lydbilete.

Gjennom ein unik kombinasjon av jazz, improvisasjon og musikalske tradisjonar frå begge kulturane utforskar gruppa nye kunstnariske uttrykk. Sharaka tyder «partnarskap» på arabisk, og ensemblet er eit levande døme på korleis musikk kan byggje bruer på tvers av språk, grenser og erfaringar. Publikum blir inviterte inn i ei varm og nær konsertoppleving, prega av samspel, nysgjerrigheit og kulturell utveksling.

Konserten er eit flott samarbeid med venene våre i Bø Jazzklubb.

Medverkande
Nawara Alnaddaf – vokal og oud
Mohammad Najam – klarinett, nay og vokal
Ingrid Kindem - keyboard, electronics og vocoder
Tareq Abboushi – bouzouki og vokal
Charlie Rishmawi – oud og vokal
Mattis Kleppen – bass og vokal
Hildegunn Øiseth – trompet, goat horn og vokal
Samer Jaradat – perkusjon

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.