
Rigla
Rigla i Bakgården!
Rigla
Fredag 27. november
Bakgården, kl 20:00
350,- / 250,- inkl. bill.avg.
Rigla består av seks unge musikarar og slår gjennom med sine eigenkomponerte låtar og frie arrangement av norske folketonar. Saman har dei treft ein musikalsk nerve. Namnet Rigla stammar frå dialektordet riglafengje, som i Sunnmørstraktene tyder «ustø» eller «vaklevoren» – noko som speglar bandet sin balansegang mellom ulike sjangrar.
Med ei unik besetning – vokal, fele, saksofon, synth, cello, trommer og kontrabass – har Rigla skapt sin eigen sound, der tradisjonsmusikk, jazz og visepop smeltar saman til noko nytt og uforutsigbart. Bandet består av unge musikarar frå ulike delar av landet, med bakgrunn frå fleire av landets musikkhøgskular. Rigla har den siste tida markert seg på fleire av landets konsertscener. Sommaren 2026 kom debutalbumet deira, Sendebud frå Sandkassa. Gjennom finurlege og vittige tekstar, kombinert med ei unik besetning og uredd sjangerblanding, befinn Rigla seg i grenselandet mellom tradisjon og nyskaping, mellom det såre og det leikne.
Konserten er eit flott samarbeid mellom Bø jazzklubb og Telemarkfestivalen!
Medverkande
Lova Siverts - vokalLea Hareide Jønnum – vokal,
Ingrid Narum – saksofon og vokal
Lars Viljo Fauske – fele og synth
Selma Edwards Granly – kontrabass
Linus Hanem Solvang - trommer.
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.