Laster Arrangementer

Høgtsvevande familiekonsert!

Familiekonsert: Igor Dunderovic & Marihøne Airlines
Laurdag 10. august 2024
Bø torg, kl. 13:00 – 14:00
Gratis!

Bli med på ein morosam flytur med Igor Dunderovic & Marihøne Airlines! Dei kan love ei musikalsk flyreise gjennom store luftlommer, urytmiske krumspring og ei sky av forvirring. Marihøne Airlines med kaptein Igor og flyvertane Atdle og Nesa gir publikum ein høgtsvevande kabaretkonsert med teatralsk balkanjazz, impro, skeive rytmar, raske temposkift, dramatiske overgangar, barnsleg glede og høgoktan energi. Marihøne Airlines landar alltid støtt på alle hjula slik at alle kan rekke korresponderande transport heim.

Kaptein Igor Dunderovic er artist og komikar direkte frå Vinter-OL i Sarajevo, og er eit kjend ansikt på norske scener. Flyvertane Atdle og Nesa er proffe balkan-musikarar med mange lange Balkan-festar på CV’en og tek alle rytmiske utfordringar på strak arm og med raske fingre.

 

Medverkande
Igor Dunderovic – vokal, gitar
Atdle Marku – piano, bass, trekkspel
Nenad Mihajlovic – gitar, vokal

Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.