19:00
I 2024 vil det vere 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre. Telemarkfestivalen ønskjer å markere 100 års-jubileet ved ta i bruk Pakkhuset ved Bø stasjon som ein eigen konsertarena for både tingingsverk og eigen temakonsert – båe med tog og jernbane som raud tråd. Det er første gong Pakkhuset vert nytta til konsertar. Årets festival har si avgang frå Pakkhuset torsdag 8. august med tingingsverket, «Locus», med felespelar Håkon Aase frå Flatdal som komponist. I tingingsverket «Locus» vil publikum få vere med på ei musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda. Musikken i tingingsverket vil spegle Aase sin fascinasjon og lidenskap for så vel den norske tradisjonsmusikken så vel som tradisjonsmusikk frå andre delar av verda. Kvelden avsluttast med konsert frå den banebrytande duoen, Naaljos Ljom, som er tungt inspirert av Eivind Groven si tilnærming til folkemusikken. - Me har stor tru på at arrangementa på Pakkhuset vil bli ei fin markering av 100 års-jubileet for Bø stasjon, seier dagleg leier Kristoffer Mosfjeld som elles kan fortelje at arbeidet med å få i gang Pakkhuset som ny konsertarena går på skinner. Billettar: Tingingsverket: 335,- Naaljos Ljon: 235,- Heile kvelden: 435,- Dørane opnar kl 19:30
20:00
Festivalkviss og konsert med Vincent Cross på Bull!
–– Les merFlytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.