
Kulturtur til Slettelibergja
Natur og kultur i skjønn foreining!
Kulturtur til Slettelibergja
Felles avgang frå parkeringa i Liheia, Kl. 11:00
Gratis!
I 2025 er det friluftslivet sitt år, og i eit hyggeleg samarbeid med Bø turlag inviterer me til ein flott tur til Slettelibergja med tonefølgje undervegs. Dette er ein lettgått tur på om lag 500 m kvar veg som passar for alle. På Slettelibergja vert det ein liten konsert med duoen Suigard med Sunniva Langås-Røiland på hardingfele og Vegar Hosarøygard på gitar.
Dei som vil kan gå vidare frå Slettelibergja til Bryggefjell. Det er ein relativt krevjande tur med 430 høgdemeter. Vel framme på toppen kan du nyte ein formidabel utsjånad mot Bø og Norsjø.
Det vert felles oppmøte og avreise frå parkeringsplassen øvst i Liheia kl 11:00.
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.