
Seminar: Tillit eller fallitt? Om tillit og legitimitet i kulturfeltet
Velkommen til eit seminar der vi ser på ulike sider ved tillit i kulturfeltet: mellom publikum og arrangørar og mellom folk, felt, forvaltning og politikarar. Alle med engasjement for kunst og kultur er velkomne.
Onsdag 23. september, kl 11:30 – 16:00
Gratis!
Bakgrunnen er ein tilspissa offentleg debatt om kulturøkonomi. Forsking peikar på at kommunale kulturmidlar blir kutta i ein pressa økonomisk situasjon. Samtidig blir førestillinga om ei kulturkrise utfordra, ved påstandar om at kultursektoren framleis er relativt godt finansiert.
Vi ser aukande tendens til mistillit og kritikk, mellom anna knytt til fordelingsmekanismar, habilitet og makt i kulturfeltet. I dette spenningsfeltet reiser det seg eit grunnleggjande spørsmål om tillit og legitimitet: Kva skjer med tilliten til kulturfeltet når ressursane blir stramma inn, og når prioriteringane blir tydelegare og meir omstridde?
Debattar om støtteordningar, fordeling og rolla til kunsten i samfunnet handlar ikkje berre om økonomi, men også om kven og kva vi har tillit til – til kunstnarar, institusjonar, forvaltningssystem og kulturpolitikken i og for seg. Og om tilliten publikum har til arrangørar.
Kunst- og kulturfeltet har ei særeigen plass og rolle når det gjeld tillit i samfunnet. Det legg til rette for ytringar som gjerne er kritiske, men gjennom det også produktive: det er ein viktig arena for produksjon av tillit til demokrati og samfunn. Kan denne rolla haldast oppe om tilliten til kunst- og kulturfeltet sjølv er svekt?
Foreløpig program
Presentasjonar:
• Sløseriombudsmannen/Are Søberg
• Bård Kleppe, seniorforsker, Telemarksforsking: Kutt i praksis – kva veit vi?
• Kristoffer Mosfjeld, festivalsjef, Mari Beate Sannes, festivalkoordinator og professor emerita Anne Svånaug Blengsdalen: Tillit og truverd i festivalverksemder.
• Tobias Harding, professor Universitetet i Søraust-Noreg: Utfordring av den nordiske modellen: Kulturpolitikken hos populistiske politiske parti i Norden.
Står kultursektoren i fare for å miste tillit og legitimitet i møte med økonomiske kutt – og kva vil det i så fall bety for framtidas kulturpolitikk?
Kunstnariske innslag, mingling og enkel servering.
Seminaret finn stad i høve Forskingsdagane og er eit samarbeid med Universitetet i Sørøst-Norge, Telemarksforsking og Telemarkfestivalen.
Velkomen!
Flytting av arrangement på grunn av regn vert bestemt om morgonen same dag og vert varsla på Facebook, heimesider og med plakatar på festivalkontor og arenaer.