Velkomen til Telemarkfestivalen sitt årsmøte som vil finne stad onsdag 29 . januuar kl 18:00 på Oppåstugo i Gullbring kulturhus.
ÅRSMØTE
Korleis gjekk det eigentleg med Telemarkfestivalen i 2024, lurar du kanskje? Og er festivalen rusta for 2025? Svaret på desse spørsmåla får du på årsmøtet, for her vil me nemleg presentere årsmelding og rekneskap for 2024 og budsjett for 2025, samt velje ny styresamansetting. Kanskje me óg røpar litt av programmet for årets festival? Årsmøte vil vere frå kl 18:00 til ca kl 19:15.

Landskappleik i Bø?
Etter årsmøtet vil me nytte høve til å orientere om planane for å sende søknad til FolkOrg om å få arrangere Landskappleiken i Bø mellom 29. juni og 2. juli i 2028. Representantar frå folkemusikk-miljøet i Midt-Telemark har vore samla til fleire positive møte den siste tida, og me kan melde om stor entusiasme kring tanken på å endeleg få arrangere Landskappleiken i Bø att. Me vil nytte tida fram mot årsmøte til å skrive vidare på søknaden, og me tek sikte på å kunne presentere ein ferdig søknad denne kvelden. Kanskje me til og med sender han inn? 😊

Klikk her for å lese årsapport for Telemarkfestivalen si verksemd i 2024.
Velkomen!