Fy fela for ein festival!

Det var usannsynleg deileg å endeleg kunne ønskje velkomen til Telemarkfestivalen 2021! Festivalen vil gå inn i festivalsoga som ein av dei verkeleg gode festivalane med flotte og unike konsertopplevingar fire dagar til ende – det til trass for at pandemien framleis heng over oss. – Det har vore sterkt fokus på på smittevern i samband med arrangementa, og me vil takke publikum, artistar, frivillige og alle andre involverte for forståing og samarbeidsvilje, slik at festivalen kunne vere så trygg som mogleg, seier festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld

Mangfaldig program

Festivalsvoltne publikummarar strøyma til dei mange forskjellige konsertane i løpet av festivalhelga. Festivalen vart opna på torsdag 12. august med nypremiere på den populære framsyninga om Rui-jentene i Hæge Manheim og Inger Merethe Johnsen sine skikkelsar. Vidare var det fullsett konsert med Ingebjørg Lognvik Reinholdt og Aasmund Nordstoga og konserten «For alt som ein gong va’» med dikt av Robert Burns omsett til vesttelemål. Ei av festivalens nydelegaste konsertar fann stad i Bø gamle kyrje med trioen Becaye Aw, Ibou Cissokho og Liv Ulvik – der norsk kveding møtte afrikansk strengeleik til en usedvanleg kjenslevar konsert. – Eit personleg høgdepunkt under festivalen, seier festivalsjefen.

 

Rui-jentene. Foto: Knut Utler

Fredag 13. august opna programmet med tre av landets mest profilerte spelemenn; Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa og Lars-Ingar Meyer Fjeld – som alle er busette i Bø, men det var faktisk første gang desse tre var på same scene for konsert i heimbygda. Dei framførte et utval nyare slåttar i programmet «Slåttar siste sytti år» til stor begeistring frå publikum. Den tradisjonsrike Opningskonseren fann stad i Storsalen, og vart ein konfekteske av ein konsert med smakebitar frå heile programmet, samt nokre overraskingar. Kvelden gjekk vidare med ein sjelfull konsert med duoen Ingrid Jasmin Vogt – opphavleg frå Telemark, og spanjolen Jesús Morente. Dei har spesialisert på den vokale flamenco-tradisjonen. Kvelden vart runda av med årets tigingskonsert, «Aalka – it begins» med Marja Mortensson, Sigrid Jore og Maija Kauhanen. Kauhanen var med på konserten via skjerm frå Helsinki. – Årets tingingskonsert vert ståande som ein episk konsert som me vil hugse med glede i mange år framover, seier Mosfjeld som kan rapportere om strålande tilbakemeldingar frå publikum. Tingingskonserten vert óg spelt på Riksscenen i Oslo torsdag 19. august.

 

Frå tingingskonserten. Foto: Knut Utler

Festivallaurdagen vart opna med marknadsdag på Bø torg. Torgfestivalen er ein festival i festivalen med marknad, aktivitetar og gratiskonsertar. – Det var yrande folkeliv på torget gjennom heile dagen, og det var moro å sjå så mange kose seg på torget, seier Mosfjeld. Eit av festivalen sine store konsertprosjekt i år var ein konsert til ære for 80-årsjubilanten Ellen Nordstoga. En fullsett sal fekk sjå 18 unge utøvarar presentere folkemusikkmusikalen «Kongsdøttane» som Ellen har vore prosjektleiar for. Vidare var det staseleg besøk av sjølvaste Blåmann, Blåmann – det smått legendariske folkemusikkbandet med Odd Nordstoga, Asgaut Bakken, Silje Hegg og Lars Underdal. Jubilanten fekk seg óg ein svingom med Øystein Romtveit før programleiar Torgeir Straand tok ein prat med Ellen om hennar drivande engasjement for folkemusikk, folkedans og rekruttering. Ho var til slutt hylla av 25 tidlegare elevar. – Ei innhaldsrik og flott markering frå start til slutt, seier Mosfjeld. Kvelden gjekk vidare med nydeleg konsert av Ingebjørg Bratland som svært glad for å vere i heimlege traktar. I Storsalen vart det tonar, skjemt og alvor med Halvor Kleppen, Knut Buen og Sigmund Groven som losa publikum gjennom eit morosamt program med spel, historier og eit og anna visdomsord. Stemninga i salen var mildt sagt god! Ein lang festivaldag var runda av med konsert med Byting på heimebane framfor vel 320 publikummarar. Eit høgdepunkt var då felespelar Per Anders Buen Garnås og Mathilde Storm – kjend frå NRK-serien «Rådebank» – framførte låta «Høvdingen» i lag med Byting. – Ein stor augneblink som me vil hugse lenge, seier festivalsjefen.

Thomas Hellekås i Byting og Mathilde Storm. Foto: Knut Utler

Sundag og siste festivaldag vart starta med hyggeleg familiedag Evju bygdetun med dans, spel og ureist mat. Torhild Ostad & Silje samla eit engasjert publikum for konsert i Bø gamle kyrkje. Det var deira aller første konsert i lag. Som alltid vart Telemarkfestivalen avslutta med Borgjakonserten der hardingfele alltid er i fokus. I år var det Knut Buen og Torgeir Straand som i lag heidra Bø-spelemannen Jens Amundsen – som ville ha vore 100 år i år – med ord og tonar.

Suksess trass pandemi

Festivalsjef Mosfjeld legg ikkje skjul på at årets festival har vore ekstra krevjande med tanke på det å imøtekomme dei reglane som gjeld for store arrangement. – Me har jobbe hardt for å kome i mål med festivalen, og då er det veldig deileg å kunne sjå tilbake på ein fantastisk festival med utruleg mange fine augneblink og god festivalstemning. Festivalsjefen ønskjer å rette ei spesiell takk til alle frivillige under festivalen som har bidrege til at festivalgjennomføringa gjekk så bra som den gjorde. Økonomisk sett ligg Telemarkfestivalen 2021 an til å lande veldig trygt på riktig side av nullen, men noko stort overskot har aldri vore ambisjonen for leiinga i festivalen i år. – I år har det vore mest fokus på å kunne skape mest mogleg aktivitet for artistar, leverandørar og andre som har hatt ei strevsam tid. Det har me klart, seier Mosfjeld. Telemarkfestivalen 2022 vil finne stad mellom 11. og 14. august!

Publikum i Gullbring Amfi på laurdagskvelden. Foto. Knut Utler