Telemarkfestivalen 2022 er over, og me kan sjå tilbake på ein nydeleg festival med mange fine augneblink – nokre av dei fanga her av dyktige James Stensby Fountain foto
Me vil rette ei stor takk til alle utøvarar for strålande leveringer, til publikum for at dekkan kom og lagde god stemning, til Gullbring Kulturhus med alle tilsette for eit nydeleg samarbeid, til vérgudane som gav oss strålande sol under heile festivalen – og ikkje minst til alle frivillige for super innsats slik at festivalgjennomføringa gikk på skinner! 

Me må òg takke alle sponsorar og tilskotsytarar – som til dømes hovudsponsor og besteven SpareBank 1 Sørøst-Norge, Kulturrådet, Vestfold og Telemark fylkeskommune og Midt-Telemark kommune – som gir oss spelerom til å gjere det me likar aller best; nemleg å skipe til unike og flotte opplevinger med folkemusikken og folkedansen i fokus! 

Telemarkfestivalen 2023 vil finne stad mellom 10. og 13. august. Held av datoane!
Takk for no!

Musikk: Mattis Kleppen og Thov Wetterhus i råtøft samspel under Opningskonserten.