Telemarkfestivalen er glade for å vere vertskap for ein skikkelig godbit av ein konsert som ein del av konsertserien Gullbring Live. Me har teke oppgåva på ramme alvor, og samla fire av dei mest anerkjende spelemenna i heile vide verda; Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Torgeir Straand og Lars-Ingar Meyer Fjeld. Denne laurdagskvelden kjem dei eins ærend frå Røysumvegen, Øvre Bø, Brukås og Langkåshaugen til Gullbring kulturanlegg for å levere slåttespel i verdsklasse heim til straumeboksen til publikum.

– Til konserten har Per Anders, Ottar, Torgeir og Lars-Ingar har fått i oppgåve å velje ut sine tre favorittslåttar som dei då vil framføre, seier Kristoffer Mosfjeld – dagleg leiar for Telemarkfestivalen som legg til: – Det er en sjelden ein får oppleve desse samla på same scene, så dette er ei stor hending for alle som likar hardingfele!

Laurdag 25. april frå kl 19:00 straumast konserten live på Facebook-sidane til Gullbring kulturanlegg, Telemarkfestivalen og Visit Telemark. Publikum får høve til å gi eit frivillig bidrag som vil gå uavkorta ut til utøvarar og teknikarar.