Det nærmar seg festival, og mange av dekkan byrjar nok sånn smått å tenkje på om dekkan skal vurdere tanken på å kjøpe billettar til dei flotte konsertane me skal ha. Me vil difor kome med informasjon om billettsal som det kan vere kjekt å få med seg:

  • ALLE billettar til ALLE arrangement vert selt via Gullbring Kulturhus – anten digitalt på nett eller analogt over disk ved hjelp av dei hyggelege tilsette der! Det vil vere mogleg å betale i inngangen til konsertar som ikkje er på Gullbring, men det tek jo fort litt tid, så me vil tilrå å kjøpe billett via Gullbring i forkant – greitt med alt som er gjort, sei! Obs! Me har slutta heilt med kontantar.
  • Personar under 18 år må gå i følgje med edruelege foreldre/føresatte der det serverast alkohol på staden. Personar til og med 14 år kjem gratis inn på arrangementa. Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar.
  • Me har nokre få festivalpass igjen. Festivalpasset gir inngang til alle arrangement under festivalen – utanom kursa. Festivalpass gir utvilsamt mest musikk for pengane! Nokon vil kanskje seie at det vil vere direkte lønsamt!
  • Alle tidspunkt i programmet markerer konsertstart. Publikum bør kome til arena i god tid før konserten startar for å vere sikker på å ikkje gå glipp av noko.

Spørsmål knytt til eBillett og kjøpsprosessen kan rettast til Gullbring kulturhus / tlf. 350 60 390 /[email protected]
Obs! Gullbring kulturhus er framleis på ferietid og det er betjening på telefon og bak disken frå kl. 16:30 – 21:00 kvar dag.

Andre spørsmål knytt til programmet og festivalen for øvrig kan rettes til festivalen/ tlf 482 05 066 / [email protected]

Ellers noko?

Me gledar kånn til å sjå deg!