Dekkan! Me har diverre ei veldig dårleg værmelding for laurdag 10. august som seier at det vert uvanleg mykje nedbør på dagen og utover kvelden. Skikkeleg uflaks, men slik er det diverre av og til! Me har difor valt å gjere nokre tiltak for å sikre ei best mogleg festivaloppleving for alle parter på laurdagen:

Konsertkvelden «LaurdagsFOLK» – laurdag 10. august, kl 19:00 – 02:00
Me har valt å flytte hovudscenen inn i Gullbring-hallen, slik at heile konsertkvelden vil foregå innandørs i Gullbring! Me vil då gjere om Gullbring-hallen til ein heidundrande flott festivalarena! Her har me god plass og alle held seg tørre, og det vert fantastiske konsertar med Eivør, Amund Maarud & Lucky Lips – og ikkje minst, Charlie Rackstead & the Sticklesbergen Ramblers!

Me er sikre på at det vert ein heilt super festkveld! 😊

Torgfestivalen – laurdag 10. august, kl 11:00 – 17:00
Familiedagen på Bø torg med marknad, aktivitetar, konsertar og kulturdebatt vil gå som normalt så langt det er mogleg. Me har sjølvsagt tinga eit større telt på torget. Elles kjem ein jo òg langt med gode regnklede! 😊

Til slutt; Me blir blir veldig glade om dekkan hjelper kånn med å spre denne informasjonen!!!

Med venleg helsing,
Festivalleiinga