Sudan Dudan, Anne Hytta og duoen Ånon Egeland og Mikael Marin er klare for Telemarkfestivalen i august! Dei har alle det felles at dei har sterke bånd til Telemark og folkemusikk-tradisjonen herifrå. Dei har òg fleire Spellemann-nominasjonar og prisar å skilte med seg i mellom. I desse OL-tider kan me omtale desse som eit særdeles profilert heat med utøvarar som er klare for å innta standplass på Telemarkfestivalen med nære og intime konsertar på Husly interiørcafè og i Bø gamle kyrkje.
Ny plate
Det har gått fem år sidan Sudan Dudan, beståande av Marit Karlberg og Anders Erik Røine gav ut ei av verdas finaste plater, «Inntil i dag», som òg vart nominert til Spellemann. Når dei no slepp ny musikk på plata, «Heimen der ute», så er det mange som har venta lenge på dette. Telemarkfestivalen er definitivt ein av dei.
Nominert til Spellemann
Anders Røine vann Spellemann-pris i folkemusikk-klassa i fjor, og i år er det fleire telemarkingar som kanskje kan setje den prestisjetunge statuetten på peishylla. Hardingfelespelar Anne Hytta er nominert for soloplata,«Strimur», medan Ånon Egeland og svenske Mikael Marin, kjend frå gruppa Väsen, er nominert for plata, «Sorpesoll». Anne Hytta er òg nominert i lag med Øyonn Groven Myhren med gruppa Sogesong for plata, «Så vide fara dei Lindarord». Det er artig å sjå at Telemarkfestivalen og Spellemann er samde om kvaliteten på desse utgjevingane.
Akustisk og nært
Ei god konsertoppleving handlar sjølvsagt om musikken, men òg om miljøet og omgjevnadene musikken opplevast i. Dette er akustiske og nære uttrykk som gjer seg best i meir intime rom. Konsertane med Sudan Dudan og Egeland/Marin vil finne stad på Husly interiørcafè i Bø sentrum, medan konserten med Anne Hytta vill finne stad i Bø gamle kyrkje. Husly har ein triveleg og lun atmosfære som passar ypparleg for slike konsertar, og Bø gamle kyrkje er eit heilt unikt rom som gir heilt unike konsertopplevingar.