Telemarkfestivalen 2023 finn stad mellom 10. og 13. august med spennande arrangement med lokale, nasjonale og internasjonale artistar på forskjellige stader i Midt-Telemark.

Det næmar seg sommar og festivalsesong! Programmet for årets utgåve av Telemarkfestivalen er no komplett! – Det er eit heilstøypt og flott program med folkemusikk mange spennande former – frå det heilt tradisjonelle til det meir moderne, og alt ein finn innimellom, seier ein særs nøgd festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld.

 

Torsdag 10. august

Kl 19:00: Anders Hefre
og Johanne Flottorp framfører tingingsverket «Som lindi bere lauv» i lag med eit spennande ensemble med lokale musikarar i Bø kyrkje. Tingingsverket tar føre seg alt eit musikalsk menneskeliv kan innehalde: Byssande bånsullar i byrjinga, rask springartakt om våren, seige gangarsteg i kveldinga og ettertenksam valsing før alt er over.

Frå kl 20:00:  På Bull Inn vert som vanlig ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss med Torgeir Gullbekk Hansen som kvissmeister etterfølgd av konsert med den skotske felespelaren Rose Logan og den norske gitaristen Magnus Wiik som framfører livlege reels og jigs i lag.

Kl 21:00: Anne Hytta frå Noreg og Caoimhín Ó Raghallaigh frå Irland framfører tingingsverket «Songhus» i lag med musikarane Dan Trueman og Jo Fougner Skaansar i Bø gamle kyrkje. Det er sterke band mellom den norske og den irske folkemusikktradisjonen, og her vil publikum få oppleve eit unikt møte mellom to sterke folkemusikktradisjonar og to unike utøvarar

 

Fredag 11. august

Kl 16:00: Felespelaren Per Anders Buen Garnås og poeten Stein Versto møtast i det nye konsertprogrammet «Tuntreet» i Nye Sjodar på Evju bygdetun.

Kl 17:30: Deltakarar frå sommarkurset UngFolk viser seg fram med eiga framsyning i Framstugo i Gullbring kulturhus.

Kl 19:00: Den tradisjonelle Opningskonserten er ein musikalsk konfekteske med spennande og mangfaldige innslag frå festivalprogrammet. I årets opningskonsert vil me møte poeten Stein Versto og spelemann Per Anders Buen Garnås, me vil møte gruppa Yagody med flotte, fleirstemde folketonar frå Ukraina, me vil møte dei plateaktuelle gutane i Hått sa’ru? som på klingande bøhering framfører morosame viser om både «måsabjønner» og «berullar», me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som byr på nydeleg song, energisk dans og flott spel, me vil møte Spellemannpris-vinnar Ingrid Jasmin som står for ei unik blanding av norsk og meir sydlandsk folkemusikk, me vil møte Ottar Kåsa og høyre korleis hans nyaste kreasjon – ein hardingcello – let, me vil møte gitarist Magnus Wiik og felespelar Rose Logan med livlege reels og jigs frå Skottland – og sist, men absolutt ikkje minst; me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø Dansarring som avsluttar kalaset og spelar publikum ut til dans i Framstugo!

Skodespelar og bøhering Bjørn Hallgeir Myrene vil formelt opne årets festival, medan Aasmund Nordstoga vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!

Kl 21:00: Etter Opningskonserten vert det heit dansekonsert med gruppa Hått beståande av Per Anders Buen Garnås, Anders Erik Røine og Nils Øyvind Bergset. Festivaldansen held fram utover kvelden med spel frå dei beste dansespelarane me har.

Kl 21:00 – 01:30: Spennande konsertkveld på Kroa I Bø med det som kjem til å bli tre fantastiske konsertar med Spellemann-vinnar Ingrid Jasmin med eit heilt formidabelt ensemble i ryggen, superbandet Resjemheia+++ med enda meir bensinlukt og trykk på pedalen enn før – og det spennande nye bandet MÍO som kan omtalast som Gåte sin meir hissige litlesyster.

 

Laurdag 12. august

Kl 11:00 – 16:30: Me vil invitere til Torgfestivalen – ein festival i festivalen som har blitt svært populær! Det vil som vanleg bli ein flott dag på Bø torg med gratiskonsertar, marknad, kulturdebatt og artige aktivitetar for store og små! Som ein del av Torgfestivalen vert det familiekonsert og plateslepp med dialektbandet Hått sa’ru? i Evjudalen.

Kl 16:00: Konsertlåven heime hjå ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale vart innvia som ny konsertarena under fjorårets festival med stor suksess. I år er det Sudan Dudan kvartett og kvedaren Synnøve Brøndbo Plassen som skal fylle låven med dei vakraste tonar.

Kl 19:00  – 01:00: Laurdagskveld og god stemning i Gullbring Amfi med konsertar med Bø-bandet Ni Liv som feirar 20 år som lyden av Midt-Telemark med jubileumskonsert med overraskingar frå scena. Frå Ukraina kjem gruppa Yagody med festmusikk og fleirstemd song. Kvelden avsluttast med fenomenet Steve’n’Seagulls som reiser verda rundt med sine uimotståelege blågras-tolkingar av kjende rockelåtar.

 

Sundag 14. august

Kl 12:00 – 15:00: Telemarkfestivalen og Evju bygdetun ønskjer velkomen til ein hyggeleg familiedag på Evju bygdetun med musikk, kurs, dans, artige aktivitetar og god mat og drikke.

Kl 15:00: Den tradisjonsrike Borgjakonserten er i år gitt til Anne Hytta og Johanne Flottorp. Anne Hytta vil ha med seg Løndals-spelet frå Tuddal i botnen, medan Johanne Flottorp har med seg Tovdals-tradisjonen etter Salve Austenå. Borgjakonserten vil finne stad i Nye Sjodar på Evju bygdetun.

Kl 17:30: Telemarkfestivalen 2023 avsluttast med eit realt meistermøte når Stian Carstensen, Elias Akselsen og Ola Kvernberg kjem til Villa Lunde med den Spellemann-nominerte plata, «Horta». Horta» er romani og tyder «ekte». Plata består av ni personlege tolkingar av tatermusikk som rommar både skillingsviser og balkanrytmar.