Telemarkfestivalen 2024 finn stad mellom 8. og 11. august med spennande arrangement med lokale, nasjonale og internasjonale artistar på forskjellige stader i Midt-Telemark.

Det næmar seg sommar og festivalsesong! Programmet for årets utgåve av Telemarkfestivalen er no komplett! – Det er eit heilstøypt og flott program med folkemusikk mange spennande former – frå det heilt tradisjonelle til det meir moderne, og alt ein finn innimellom, seier ein særs nøgd festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld.

Torsdag 8. august
Kl. 20:00 – 00:00 – TorsdagsFOLK: I høve Bø stasjon sitt 100 års jubileium tek Håkon Aase frå Flatdal oss med på ei musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda i tingingsverket «Locus». Etter tingingsverket møtast tradisjonell folkemusikk og meir moderne elektroniske impulsar med den spennande duoen, Naaljos Ljom.

Frå kl. 20:00:  På Bull Inn vert det som vanlig ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss med Torgeir Gullbekk Hansen som kvissmeister etterfølgd av konsert med den amerikanske trubaduren Vincent Cross som kjem til Telemarkfestivalen for tredje gong!

Fredag 9. august
Kl. 17:00: Felespelaren Lars-Ingar Meyer Fjeld inviterer til platesleppkonsert for plata «Slåttar etter Johannes Dahle» i konsertlåven i Nordbøvegen 10 med Tinn spelemannslag som gjestar.

Kl. 19:00: Den tradisjonelle Opningskonserten er ein musikalsk konfekteske med spennande og mangfaldige innslag frå festivalprogrammet. I årets opningskonsert vil me møte den skotske supergruppa Dallahan med vakre balladar og raske «jigs and reels», me vil møte folkesongar Øyonn Groven Myhren og multi-instrumentalist Leiv Solberg som er aktuelle med eit konsertprogram om «Gamle-Rikard» frå Rauland, me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som byr på ein liten smakebit frå den heilt nye framsyninga, «Bergekongen», me vil få gjenfør med den flotte musikken frå «Veslefrikk med fela» som nyleg vart relansert, me vil møte Ruby Red & the Moonshine Brothers med nydeleg folkemusikk-country, me vil møte Jon Jarle Haugen og Vincent Cross som vil presenterer musikk knytt til arbeidet med jernbanen i Noreg og Amerika – og sist, men absolutt ikkje minst; me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring som avsluttar kalaset. Leiv Solberg vil formelt opne årets festival, medan Jorid Vale vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!

Kl. 21:00: Etter Opningskonserten kjem folkesongar Øyonn Groven Myhren og multi-instrumentalist Leiv Solberg med konserten, «Gamle-Rikard», som vil dreie seg om den rike kulturarva etter Rikard Aslaksen Berge (1815 – 1902) frå Rauland som er deira felles tippoldefar.

Kl. 21:00 – 01:30 – FredagsFOLK: Knalltøff konsertkveld på Kroa i Bø med det som kjem til å bli tre fantastiske konsertar med Valkyrien Allstars, Sara Parkman og Røine/Warg + Opheim: «Bibopalula». DJ Daeva snurrar plater med musikk frå alle verdshjørne gjennom kvelden.

Laurdag 10. august
Kl. 11:00 – 16:30: Torgfestivalenein festival i festivalen har blitt svært populær! Det vil som vanleg bli ein flott dag på Bø torg med gratiskonsertar, marknad, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små! Som ein del av Torgfestivalen vert det ein høgtsvevande og ellevill familiekonsert med Igor Dunderovic & Marihøne Airlines.

Kl. 16:00: Konsertlåven heime hjå ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale vart innvia som ny konsertarena med stor suksess. I år er det Kajsa Balto som skal fylle låven med dei vakraste tonar. Ho får følgje av folkesongar Magnhild Garnås Haugen og felespelar Sunniva Langås-Røiland.

Kl. 18:00: Fordjupingskurset Folkemusikk fordjuping presenterer den nye framsyninga, «Bergekongen» som har sitt utgangspunkt i dei kjende folkevisene «Margit Hjukse» og «Liti-Kjersti og Bergekongen» frå Telemark. Folkemusikk fordjuping vil dramatisere innhald og bodskap i visene i ei eiga framsyning med skodespel, spel, song og dans. Bli med på ei spennande reise inn i Bergekongen sitt rike!

Kl 19:00  – 01:00 – LaurdagsFOLK: Laurdagskveld og god stemning i Sandvinparken med konsertar med Ingebjørg & Odd Nordstoga: «Langt heimafrå», Dallahan frå Skottland og Ruby Red & the Moonshine Brothers frå indre Agder.

Sundag 11. august
Kl 11:00 – 14:00: Spennande kurstilbod på Evju bygdetun: Kurs i kveding, kurs spel på seljefløyte, kurs i teledans og kurs i pileflett!

Kl 15:00: Telemark møter Hardanger når Per Anders Buen Garnås og Alexander Aga Røynstrand møtast i den tradisjonsrike Borgjakonserten som vil finne stad i Nye Sjodar på Evju bygdetun.

Kl 17:30: Telemarkfestivalen 2024 har sitt endestopp på Pakkhuset ved Bø stasjon med temakonserten «Bø stasjon – 100 år». I denne temakonserten vil ein flott gjeng med historiekunnige midt-telemarkingar møtast til det som garantert vert ein spennande og interessant salongsamtale om Bø stasjon, og det vert sjølvsagt musikalske innslag – mellom anna framføring av ein eigen tingingslåt frå Jon Solberg i høve jubileet.