Det er med tungt hjarte at me avlyser det som ville ha vore den 31. utgåva av Telemarkfestivalen som skulle ha funne stad mellom 6. og 9. august. Ut frå gjeldande restriksjonar og smittevernreglar er det ikkje mogleg å gjennomføre dei planlagte arrangementa i august. Telemarkfestivalen skal vere ein heilskapleg og feiande flott folkefest. Det er det ikkje mogleg å få til i 2020. Me er sjølvsagt veldig leie oss for at me ikkje får skipe til festival, og ber om forståing for at tryggleik og helse må kome først. Me er òg leie oss på vegne av alle leverandørar og samarbeidspartnarar som mistar inntekt som følgje av dette.

Leiinga i festivalen har bestemt at 2020-programmet vert utsett til 2021. Det betyr at alle artistar som skulle spelt på Telemarkfestivalen 2020  vil få tilbod om å spele på Telemarkfestivalen 2021 i staden for. I lag med artistar, støttespelarar og samarbeidspartnarar, frivillige – og ikkje minst; publikum – skal me skipe til den beste Telemarkfestivalen nokonsinne mellom 12. og 15. august neste år!

I mellomtida vil Telemarkfestivalen følgje situasjonen nøye med tanke på alternativ aktivitet i 2020.

Om du har spørsmål kan desse rettast til dagleg leiar.

Me sjåast!