Telemarkfestivalen 2024 finn stad mellom 8. og 11. august med spennande arrangement med lokale, nasjonale og internasjonale artistar på forskjellige stader i Midt-Telemark.

Telemarkfestivalen 2023 har for lengst gått inn i festivalsoga som ein av dei verkeleg gode festivalane, og Telemarkfestivalen vart kåra til «Årets folkemusikkarrangør» for 2023 som eit ordentleg prov på det! Med medvind i festivalskuta er det no fullt fokus på Telemarkfestivalen 2024, og eit spennande og variert program er under oppsegling!

«Svorsk» fredagskveld på Kroa i Bø
I 2023 var Kroa i Bø arena for det som blei ein tøff og spennande konsertkveld, og Telemarkfestivalen held fram med det som blir ein «svorsk» festaften med fantastisk folkemusikk frå Noreg og Sverige i bygdas storstove. Den norske supergruppa Valkyrien Allstars kjem attende til festivalen for første gong sidan 2015. Dei får følgje av den svenske folkemusikk-stjerna, Sara Parkman. – Valkyrien Allstars bør vere kjend for dei fleste, og det ryktast om dei har ny musikk på gong i 2024. Sara Parkman er ein banebrytande folkemusikar som berre må opplevast, seier festivalsjef Kristoffer Mosfjeld. Kveldens siste konsert er av den svært etterlengta slaget. Anders Erik Røine og Daniel Sandén-Warg gav ut den smått legendariske plata «Bibopalula» i 2018. – Eg har ønska meg ein konsert med dei kvart år sidan plata kom ut, og no klaffa det, seier Mosfjeld. No skal publikum endeleg få høyre meisterverket i sin heilskap på heimebane i Bø – for høvet forsterka med perkusjonist, Kåre Opheim. Festivalsjefen har stor tru på nok ein draumekveld på Kroa. – Eg fekk frie taumar til å komponere min eigen draumekveld i fjor, men det kunne like gjerne ha vore denne. Det vert tre fantastiske konsertar – heilt garantert, seier han.

Balkanfest på torget og nydeleg samisk musikk i konsertlåven
Festivallaurdagen vil som vanleg starte innehalde mykje moro for store og små under Torgfestivalen på torget. Her vert det mellom anna eigen familiekonsert med Igor Dunderovic & Marihøne Airlines som vil ta publikum med på ei høgtsvevande og ellevill musikalsk flyreise med fengande musikk frå Balkan. Konsertlåven heime hjå ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale i Nordbøvegen har blitt ein arena for dei nære og intime konsertopplevingane, og det vert garantert eit nydeleg møte med den samiske artisten, Kajsa Balto. – Det er fleire som har ønskja seg Kajsa Balto til festivalen, og eg trur musikken hennar og den nydelege atmosfæra i konsertlåven vil stå særdeles godt til kvarandre, seier Mosfjeld.

Tilbake til Sandvinparken
Etter mange år i Gullbring Amfi flyttar festivalen laurdagskvelden opp til Sandvin att. Festivalen nytta Sandvin som arena i 2014, 2015 og 2016. – Gullbring Amfi er ein flott arena på mange måtar, men etter pandemien ser me at me ikkje har fått amfiet til å fungere heilt slik som me vil, og me ønskjer difor å gjere eit nytt forsøk på Sandvin, fortel Mosfjeld. Festivalen inviterer som vanleg til folkefest og laurdagsstemning, og på programmet denne gong finn ein både lokale og internasjonale namn. Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland opnar kvelden med konserten, «Langt Heimafrå». – Når Odd og Ingebjørg no har funne saman att, så var ikkje dette noko å lure på – sjølvsagt skal dei på Telemarkfestivalen, seier Mosfjeld. Dei får følgje av to andre flotte band: Dallahan med skotsk folkemusikk frå øvste hylle og fengande folkemusikk-country med Ruby Red & the Moonshine Brothers med Johanne Flottorp som eit av medlemmane. – Alt ligg til rette for ein veldig hyggeleg kveld i Sandvinparken, meiner Mosfjeld.

Festivalskute i medvind
Stiftinga Telemarkfestivalen hadde nyleg årsmøte, og festivalleiinga kunne leggje fram eit solid overskot for festivalverksemda i 2023 og ei omsetting på nær 3,1 millionar kroner – ei auke på vel 250 000 kr frå 2022. – Festivalen har elles fått innvilga treårig tilskot frå Kulturdirektoratet – noko som gir trygge og føreseielege rammer dei komande åra, seier Mosfjeld. På årsmøtet vart det også val av styre. Evy Beate Stykket held fram som styreleiar, og styret består elles Torgeir Gullbekk Hansen, Evelyn Utigard, Anders Hefre og Heidi Elise Klokkehaug. Thea Myrjord Norheim og Idrak Abbasov vart valt inn som varamedlemmar – Ein flott og engasjert gjeng med mykje forskjellig og relevant kompetanse som utvilsamt vil vere gull verdt for Telemarkfestivalen, konkluderar ein nøgd Mosfjeld.