Me viser til vedtak i formannskapet om flytting av biblioteket frå Bøgata og inn i Gullbring kulturhus. I kommunestyremøtet 24. oktober vart det vedtak om utsetje saka om flytting av biblioteket frå noverande lokalar i Bøgata til Gullbring kulturhus med ønskje om ei nærare utgreiing. Me er fleire aktørar i Gullbring kulturhus som difor vart overraska over formannskapet sitt hastige vedtak om å flytte biblioteket utan at ei slik utgreiing har vore gjort. Me kan absolutt stille oss bak tanken om eit bibliotek i Gullbring kulturhus, men me set eit stort spørsmålsteikn ved planar presentert i teikningar frå arkitekt, samt det økonomiske motivet som ligg til grunn for innsparing. Dette vil vere svært inngripande for fleire aktørar som har sin daglege verknad i kulturhuset, der mange av desse faktisk må flytte ut av kulturhuset. Me meiner dei negative konsekvensane vil overgå dei positive. Me tillet oss difor å setje fokus på faktorar som me håpar vil bli tatt med i vurderinga når saka skal handsamast i kommunestyret måndag 5. desember.

Fyrst; kva rolle og funksjon skal biblioteket i kommunen ha utover det å vere ein lovpålagt teneste? Kva vil kommunen med Gullbring kulturhus? Kva med ein ordentleg kulturpolitisk diskusjon og ein overordna plan? Skal det vere eit kulturhus i det heile?

Ut av leigd og inn i eigd koste kva det koste vil?
I den grad sparing er eit viktig motiv i denne saka, så er me er i tvil om ei flytting vil gje økonomisk gevinst i det heile. Me har fått innsyn i økonomioppstillinga til teknisk eining, som me meiner inneheld fleire feil, og der talet for potensiell innsparing etter vår meining ikkje stemmer:

  • Bortfall av leigeinntekter frå USN + stillingsressurs knytt til biblioteket er nulla ut i leiar for teknisk si vurdering. Kvifor?
  • Leigeinntekter frå Vestfold og Telemark kulturnettverk er på 200 000 kr årleg, og ikkje 160 000 kr som det står i oppstillinga. Elles er det ein del tapte leigeinntekter som vurderast av teknisk i sin heilskap som usikre, men dette er tal basert på faktisk utleige i 2019 – det siste normalåret før pandemien.
  • Om bibliotek i Gullbring vil gi høgare sal kafèen er like spekulativt som alt det andre.

Me er i tvil om det vil vere snakk om sparing i det heile, men tvert imot meir utgifter knytt til ei flytting. Om tala til teknisk likevel skal nyttast som grunnlag – er 240 000 kr spart verkeleg verdt alle omveltingar dette vil føre med seg? I tillegg kjem kostnader til byggteknisk tilpassing av Gullbring. Me er ikkje byggingeniørar, og vil ikkje spekulere i kostnad, men korleis skal dette finansierast? Det finn me ikkje svar på i oppstillinga. UngArena og Frisklivsentralen er kommunale tiltak som må finne seg nye lokalar. Kvar skal dei, og kva vil det koste? Dette er ikkje tatt med i oppstillinga som i beste fall kan omtalast som mangelfull og spekulativ.

Kultur ut av kulturhuset – og ut av kommunen?
Den mangfaldige aktiviteten i Gullbring kulturhus og dei ringverknadene som oppstår kan ikkje førast som tal i Excel-ark, men har udiskutabelt høg verdi for innbyggarane i Midt-Telemark. Å flytte biblioteket inn i kulturhuset på bekostning av fleire andre kulturaktørar vil føre til at mykje kultur og frivilligheit forsvinn ut av kulturhuset og vert satt på gata. Me trur det blir eit fattig kulturhus med mindre aktivitet enn før. Kontorlokala til Vestfold og Kulturnettverk nyttast av fleire frivillige lag og foreiningar som ein naturleg møteplass for planlegging av deira respektive verksemd. Bø jazzklubb og Telemarkfestivalen kan ikkje gjennomføre sine arrangement i same grad som tidlegare, og må kan hende vurdere andre alternativ som følgje av omsyn til biblioteket. I lag leigar desse to arrangørane lokalar i Gullbring for om lag 180 000 kr i 2022. Dette er tal som me ikkje kan sjå er med i økonomioppstillinga. Vidare vil eit heilt kulturfellesskap bli løyst opp, og me mistar mange gunstige synergieffektar ved å ikkje kunne vere samlokalisert i Gullbring. Vestfold og Telemark kulturnettverk har 2,8 årsverk som mest sannsynleg flyttar ut av kommunen og ned til Grenland om leigeavtala i Gullbring vert terminert. Folkemusikkarkivet leigar kontor av kulturnettverket, og arkivar Kari Lønnestad er tilsett i Vestfold og Telemark fylkeskommune. Lokalitet for arkivet settast dermed i spel, og det er ingen garanti for at folkemusikkarkivet blir verande i felebygda om leigeavtala vert terminert. Telemarkfestivalen mistar kontorplass for dagleg leiar, og sjølv om Telemarkfestivalen neppe forsvinn ut av Midt-Telemark, så er det veldig leit å ikkje kunne vere lokalisert på kulturhuset med tanke på at Gullbring er hovudarena for festivalen som legg igjen betydelege summar i leige, sal og investeringar i kulturhuset. Festivalen har til dømes nyleg ytt støtte på 100 000 kr til nytt PA-anlegg i Storsalen.

Funksjonelt bibilotek?
Teikningane frå arkitektbyåret om mogleg plassering av bibliotek i dagens byggmasse viser at me får eit svært spreitt bibliotek i forskjellige delar av Gullbring. I det heile verkar ei slik plassering veldig uoversiktleg og lite funksjonelt – ikkje berre for publikum, men òg for dei tilsette ved biblioteket. Fleire av «avdelingane» i biblioteket vil heller ikkje kunne låsast av.

Me meiner dagens rombruk i kulturhuset er svært effektiv, og det er sjeldan rom står ledig. Ein typisk dag i Oppåstugo kan til dømes bestå av USN-forelesing på dagtid, undervising for kulturskolen på ettermiddagstid og møter for frivillige lag og foreininga på kveldstid. Med eit bibliotek vil ikkje ein slik bruk av Oppåstugo vere mogleg.

Kva med dialog?
Me er frustrerte og leie oss for det som står fram som ein dårleg prosess med ingen informasjon til aktørar i Gullbring som vert direkte berørt på ein svært inngripande måte.

Me stiller oss heilhjarta bak rapporten som vart utforma av ressursgruppa der det kjem tydeleg fram at eit bibliotek i noverande byggmasse ikkje er ideell, og mest sannsynleg vil ha ein negativ innverknad på verksemda for fleire eksisterande aktørar i Gullbring.

Me vil difor be medlemmane i kommunestyret om å spørje seg sjølve kva gevinst ein sitt igjen med etter si slik flytting? Me er sterk i tvil om i kva grad tiltaket vil gje økonomisk gevinst, men me er ganske sikre på at me vil få eit svekka bibliotek og eit svekka kulturhus for innbyggarane i kommunen.

Me bed difor om at saka vart utsett til alle partar har blitt høyrt og ein har eit meir vekta og tydeleg grunnlag for ei avgjersle i saka.

 

Kristoffer Mosfjeld – Telemarkfestivalen / Bø Jazzklubb
[email protected] – 48 20 50 66

Camilla Berg Rindahl – Vestfold og Telemark kulturnettverk
[email protected] – 99 57 27 11

Kari Lønnestad – Folkemusikkarkivet i Telemark
[email protected] – 90 13 69 92