Fredag 9. august kl 19:00 feirar me kånn sjølve med eigen jubileumskonsert! Det vert eit nydeleg og mangfaldig konsertprogram ein jubileumskonsert verdig!
 
Bø-forfattaren Edy Poppy vil leie konserten, medan styreleiar for festivalen, Marit Svale Svalastog, vil opne festivalen. Spelemannslaget Bøheringen og Bø Dansarring opnar som vanleg festen – denne gong forsterka med unge og lovande utøvarar frå regionen.

Edy Poppy leiar Jubileumskonserten!

 
Vidare vert det strålande innslag frå den kurdiske songarinna Mizgin DK, den spennande irske duoen Caoimhín Ó Raghallaigh og Dan Trueman – og ikkje minst dei svenske virtuosane i Väsen! Elevar frå talentkurset Folkemusikk fordjuping syng, spelar og dansar.

Mizgîn spelar på Jubileumskonserten!

 
Det vert atthøyr frå Øyonn Groven Myhren sitt tingingsverk frå 2009, «Runartromma», medan Ingebjørg Lognvik Reinholdt gir ein smakebit på mini-tingingsverket «Brokete Lauv». Til slutt kjem stjernegalleriet i Celtic Roots Ensemble kjem med jubileumskonserten sin grand finale!

Stjernegalleriet Celtic Roots Ensemble spelar på Jubileumskonserten!

Obs! I år vil det igjen vere mogleg å kjøpe enkeltbillettar til denne konserten.