Telemarkfestivalen vil følgje gjeldande lokale og nasjonale retningsliner og råd for arrangørar når årets festival skal gjennomførast, og me ber publikum om å gjere det same. Hugs å halde avstand, sprite deg og hald deg heime om føler deg uvel! Her er nokre grunnreglar:

 

  • Tilvising til fast plass: Publikum vert vist til fast plass av flinke festivalvertar – ver venleg å høyre på dei! For arrangement i Storsalen i Gullbring finn du aktuelt sete på billetten din. Det vil vere lurt å kome tidleg for å vere sikra god plass. Som ein grunnregel vil dørene opnast 30 minutt før konsertane startar (sjå aktuelle tidspunkt i programmet. I Gullbring Amfi vil me opne dørene 60 minutt før konsertane startar.
  • Under konsertane: Me ønskjer mininalt med rørsle i samband med konsertane, og publikum må bli sittande på plassen sin under heile konserten. Det er sjølvsagt lov til å gå på toalettet inne i Gullbring. Ver venleg å høyre på beskjedar frå festivalpersonell.
  • Servering: På aktuelle arrangement vert det bordservering med kjøp av aktuelle drikkevarar via Ordr.no. Det er et lett og greitt system. Instruksar vil ligge på bordene men sjekk gjerne ut korleis det fungerar på førehand: https://app.ordr.no/location/Lxqy8ygJ7AW Obs! Om det sit personar under 18 år på ditt bord vil det ikkje vere mogleg med servering til bordet. Om nokon på bordet mot formodning vert nekta meir servering, så vil det heller ikkje vere mogleg med vidare servering til bordet, så pass på kvarandre!
  • Kjøp billettar på førehand: Me vil sterk tilrå publikum om å kjøpe billettar til festivalens arrangement på førehand. Det er fint for alle; du får sikra deg plass, me får sikra kånn naudsynt informasjon ved ei eventuell smittesporing og – og båe partar sparar tid i inngangen til arrangementa.

 

Me vil ellers be om forståing og samarbeidsvilje frå publikum, slik at Telemarkfestivalen 2021 vil vere ein trygt og flott arrangement for alle involverte!

Velkomen til Telemarkfestivalen 2021!