Telemarkfestivalen 2025 finn stad mellom 7. og 10. august med spennande arrangement med lokale, nasjonale og internasjonale artistar på forskjellige stader i Midt-Telemark.
Det næmar seg sommar og festivalsesong! Programmet for årets utgåve av Telemarkfestivalen er no komplett! – Det er eit heilstøypt og flott program med folkemusikk mange spennande former – frå det heilt tradisjonelle til det meir moderne, og alt ein finn innimellom, seier ein særs nøgd festivalsjef, Kristoffer Mosfjeld.
Les meir om programmet i vårt digitale programblad!
Torsdag 7. august
Kl. 19:00 – 22:30: Telemarkfestivalen 2025 vil bli opna med ny musikk i nytt bygg. Tingingsverket «Istem» med Vegar Vårdal som komponist og Ottar Kåsa som solist får si verdspremiere i ny flott sal på Bø hotell. Verda har aldri høyrd ein strykekvintett der alle instrumenta har understrengar. Før no! Etter tingingsverket vert det konsert med Ragnhild Hemsing Trio – ei stor internasjonal stjerne som speler for fulle salar i Europa!
Frå kl. 19:00: På Bull Inn vert det som vanlig ein akkurat passe vanskeleg festivalkviss med Torgeir Gullbekk Hansen som kvissmeister etterfølgd av konsertar med den nye duoen Suigard beståande av Sunniva Langås-Røiland frå Bø og Vegar Hosarøygard frå Lom. Tidlegare medlem av superbandet Old Crow Medicine Show, Gill Landry, avsluttar det som vert ein innhaldsrik torsdagskveld på Bull Inn!
Fredag 8. august
Kl. 17:00 – 18:30: Det vert to konsertar i ein når Anne Gravir Klykken, Jon Solberg og Anders Erik Røine kjem til den hyggelege konsertlåven i Nordbøvegen 10 med to konsertar i sekken.
Kl. 19:00 – 20:30: Den tradisjonelle Opningskonserten er ein musikalsk konfekteske med spennande og mangfaldige innslag frå festivalprogrammetI årets opningskonsert vil me møte gitarnestor Knut Reiersrud, me vil møte dei unge damene i ULD, me vil møte den nye duoen Suigard med Sunniva Langås-Røiland og Vegar Hosarøygard, me vil møte Andrea Søgnen og langeleiken hennar, me vil møte gjengen i Folkemusikk fordjuping som viser seg fram med song, dans og spel, me vil møte Byting i eit akustisk trio-format med Per Anders Buen Garnås som gjest, me vil møte Gill Landry som kjem heilt frå Amerika, me vil møte Tone Steinstad som vil framføre eit knippe utvalde folkeviser med familiekomp i ryggen – og sist men absolutt ikkje minst: me vil møte Spelemannslaget Bøheringen og Bø dansarring som avsluttar kalaset.Knut Reiersrud vil formelt opne årets festival, medan skodespelar Hadle Reisæter vil leie oss gjennom konserten med stødig hand!
Kl. 21:00 – 01:30 – FredagsFOLK: Knalltøff konsertkveld på Kroa i Bø med det som kjem til å bli tre fantastiske konsertar med ULD, Pumpegris og Ævestaden & Kanaan. DJ Daeva snurrar plater med musikk frå alle verdshjørne gjennom kvelden.
Laurdag 9. august
Kl. 11:00 – 16:30: Torgfestivalen – ein festival i festivalen har blitt svært populær! Det vil som vanleg bli ein flott dag på Bø torg med gratiskonsertar, marknad, Roheim-parade og artige aktivitetar for store og små! I år er det valår og då er det på sin plass med ein kulturdebatt der partia får fremje sine syn på aktuelle problemstillingar innanfor kulturpolitikken. Debatten vert leia av seniorforskar ved Telemarkforsking, Bård Kleppe.
Kl. 13:00 – 14:00: Laura Ellestad den første folkemusikaren som har disputert for doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule. I 2023 fekk ho godkjent doktorgradsavhandlinga, «Kappleiks and House Parties: Norwegian Traditional Fiddle in Upper Midwestern Contexts, 1900-1970». I samtale med Anne Svånaug Blengsdalen hjå Bø bok og papir vil Ellestad presentere funna sine. Det er nærliggande å tenkje seg at publikum vil få oppleve ein og annan slått undervegs.
Kl. 15:00 – 17:00: Konsertlåven heime hjå ekteparet Torgeir Hefre og Gyrid Kvaale er ein hyggeleg og intim konsertarena der publikum kjem nært på utøvarane. I år ver det strengemagi når Mattis Kleppen og Knut Reiersrud møtast på scenen for første gong. Dei får følgje av langeleik-talentet Andrea Søgnen.
Kl. 18:00: Det vert skjemt og alvor om Amerika-farande telemarkingar med Knut Buen og Halvor Kleppen i temakonserten, «Frå Telemark til Amerika».Gjennom 1800- og 1900-talet var det mange telemarkingar som freista lukka «over dammen». I denne temakonserten vil tidlegare journalist Halvor Kleppen og meisterspelemann Knut Buen presentere historier, både humoristiske og alvorlege, om telemarkingar som på forskjellige vis gjorde seg merka i Junaiten. Desse gode historiene får sjølvsagt tonefølgje – både frå Knut Buen sjølv, og inviterte musikarar med ein felles interesse for den musikalske kontaktflata til norsk og amerikansk folkemusikk. Det vert musikalske innslag frå Laura Ellestad, Mattis Kleppen og Knut Reiersrud og Anne Gravir Klykken.
Kl. 19:00 – 01:00 – LaurdagsFOLK: Laurdagskveld og god stemning i Sandvinparken med konsertar med Stein Torleif Bjella med band, Embla & the Karidotters og lyden av Midt-Telemark – Byting!
Sundag 10. august
Kl. 11:00 – 14:00: Spennande kurstilbod på Evju bygdetun: Kurs i kveding, kurs i spel på blågras-gitar, kurs i munnspel og kurs i plantefarging av garn!
Kl. 13:00 – 14:00: Forfattar Kjell Chr. Midtgaard og felespelar Lars-Ingar Meyer Fjeld møtast på Bø bok og papir for spel og samtale om felemakar Olaf G. Helland som vart fødd for 150 år sidan.
Kl. 15:00 – 16:30: Telemark møter Nord-Amerika når Ottar Kåsa og Laura Ellestad møtast i den tradisjonsrike Borgjakonserten som vil finne stad i Nye Sjodar på Evju bygdetun.
Kl. 18:00 – 19:30: Telemarkfestivalen 2025 vert avslutta med ein intim konsert med den amerikanske visesongaren Dylan LeBlanc og den norske multi-instrumentalisten Freddy Holm på Bø bakgård & basar.
Billettar i til alle arrangement i sal via Gullbring kulturhus!