Det nærmar seg festival, og mange av dekkan byrjar nok sånn smått å tenkje på å kjøpe billettar til dei flotte konsertane me skal ha. Me vil difor kome med informasjon om billettsal som det kan vere kjekt å få med seg:
ALLE billettar til ALLE arrangement vert selt via Gullbring Kulturhus – anten digitalt på nett eller analogt over disk ved hjelp av dei hyggelege tilsette der! Det vil vere mogleg å betale via Vipps i inngangen til konsertar som ikkje er på Gullbring, men det tek jo fort litt tid, så me vil tilrå å kjøpe billett via Gullbring i forkant – greitt med alt som er gjort, sei! Obs! Me har slutta heilt med kontantar.
Personar under 18 år må gå i følgje med edruelege foreldre/føresatte der det serverast alkohol på staden. Personar til og med 14 år kjem gratis inn på arrangementa. Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar.
Me har nokre festivalpass igjen. Festivalpasset gir inngang til alle arrangement under festivalen – utanom kursa. Festivalpass gir utvilsamt mest musikk for pengane! Nokon vil kanskje seie at det vil vere direkte lønsamt!
For LaurdagsFOLK i Gullbring Amfi har me gjort noko lurt – her kan du nemleg kjøpe enkeltbillett til konserten med Ni Liv og enkeltbillett til konsertane med Yagody og Steve’n’Seagulls. Den kulaste billetten er sjølvsagt Heilaften-billetten som gir inngang til heile kalaset.
Alle tidspunkt i programmet markerer konsertstart. Publikum bør kome til arena i god tid før konserten startar for å vere sikker på å ikkje gå glipp av noko.
Spørsmål knytt til eBillett og kjøpsprosessen kan rettast til Gullbring kulturhus / tlf. 350 60 390 /[email protected]
Andre spørsmål knytt til programmet og festivalen for øvrig kan rettes til festivalen/ tlf 482 05 066 / [email protected]
Ellers noko?
Me gledar kånn til å sjå deg!