Velkomen til Telemarkfestivalen 2025!
Fy fela som me gleder kånn til Telemarkfestivalen 2025 – den 36. i rekkja! Me gleder kånn til eit mangfaldig og godt program med mykje flott folkemusikk! Me gleder kånn til eit spennande tingingsverk og temakonsert i nytt stasbygg på Bø hotell, me gleder kånn til ein råtøff fredagskveld på Kroa i Bø, me gleder kånn til yrande folkeliv på Torgfestivalen, me gleder kånn til laurdagsmoro i Sandvinparken, me gleder kånn til Borgjakonserten på Evju bygdetun – me gleder kånn rett og slett til å skipe til ein fantastisk festival med mange unike og magiske augneblinkar!
Telemarkfestivalen har eit mål om å alltid balansere ivaretaking og nyskaping og trur at det tradisjonelle og det moderne er gjensidig avhengige av kvarandre. «Å ta vare på er å ta i bruk» som Knut Buen pleier å seie. På Telemarkfestivalen lovar me eit alltid like spennande møte mellom då og no; mellom fortid og framtid, fordi me trur at tradisjonen skal både nyttast og brukast. Folkemusikk kjem frå ein stad og skal ein plass som ingen helt veit, men på vegen dit skjer det fantastiske ting – til dømes på Telemarkfestivalen.
I 2025 vil det vere 200 år sidan første båt med norske emigrantar sette kurs mot Amerika, og det vil bli markert med eit nasjonalt emigrasjonsjubileum. Denne emigrasjonen bar med seg Noregs rike kulturtradisjonar over Atlanteren. Emigrasjonsjubileet er difor ei perfekt moglegheit til å reflektere over innverknaden frå norsk kulturarv i Amerika – då med særleg fokus på hardingfelespelet. Dette vil vere tema for fleire av konsertane under årets festival.
Les meir om programmet her!
- ALLE billettar til ALLE arrangement vert selt via Gullbring Kulturhus – anten digitalt på nett eller analogt over disk ved hjelp av dei hyggelege tilsette der! Det vil vere mogleg å betale i inngangen til konsertar som ikkje er på Gullbring, men det tek jo fort litt tid, så me vil tilrå å kjøpe billett via Gullbring i forkant – greitt med alt som er gjort, sei! Obs! Me har slutta heilt med kontantar.
- Personar under 18 år må gå i følgje med edruelege foreldre/føresatte der det serverast alkohol på staden. Personar til og med 14 år kjem gratis inn på arrangementa. Frå og med 15 år gjeld ordinære prisar.
- Festivalpasset gir inngang til alle arrangement under festivalen – utanom kursa. Festivalpass gir utvilsamt mest musikk for pengane! Nokon vil kanskje seie at det vil vere direkte lønsamt!
- Alle tidspunkt i programmet markerer konsertstart. Publikum bør kome til arena i god tid før konserten startar for å vere sikker på å ikkje gå glipp av noko.
Spørsmål knytt til eBillett og kjøpsprosessen kan rettast til Gullbring kulturhus / tlf. 350 60 390 /[email protected]
Andre spørsmål knytt til programmet og festivalen for øvrig kan rettes til festivalen/ tlf 482 05 066 / [email protected]
Ellers noko?
Me gledar kånn til å sjå deg!
Festivalbillettar
Skal du på mange konsertar?
Kjøp deg eit festivalpass då vel!
Festivalpass etter 1. juni: 2035,-
Obs! Få festivalpass i sal!
———————————-
Kjekt å vite om festivalpass:
– Det haldast av seter i Storsalen i Gullbring kulturhus til publikum med festivalpass. Meir informasjon om dette vert sendt ut på SMS nærmare festivalen.
Klokka | Arrangement | Spillested | Pris | Billett |
---|---|---|---|---|
Torsdag 7. august | ||||
19:00 | Tingingsverket: "Istem" | Bø Hotell | 335,- / 535,- inkl. bill.avg. |
|
19:00 | Festivalkviss + Suigard + Gill Landry | The Bull Inn | Gratis! | |
21:00 | Ragnhild Hemsing Trio | Bø Hotell | 335,- inkl. bill.avg. |
|
Fredag 8. august | ||||
17:00 | Anne Gravir Klykken, Jon Solberg og Anders Røine | Konsertlåven, Nordbøvegen 10 | 285,- inkl. bill.avg. |
|
19:00 | Opningskonserten | Storsalen, Gullbring Kulturanlegg | 365,- inkl. bill.avg. |
|
20:00 | FredagsFOLK - ULD, Pumpegris og Ævestaden + Kanaan | Kroa i Bø | 395,- inkl. bill.avg. |
|
Lørdag 9. august | ||||
11:00 | Torgfestivalen - ein festival i festivalen | Bø Torg | Gratis! | |
13:00 | Doktorgradbad: Laura Ellestad i samtale med Anne Svånaug Blengsdalen | Bø bok og papir | 235,- inkl. bill.avg. |
|
15:00 | Mattis Kleppen & Knut Reiersrud + Andrea Søgnen | Konsertlåven, Nordbøvegen 10 | 335,- inkl. bill.avg. |
|
18:00 | Temakonsert: "Frå Telemark til Amerika" | Bø Hotell | 365,- inkl. bill.avg. |
|
20:00 | LaurdagsFOLK - Stein Torleif Bjella, Suigard, Embla & the Karidotters og Byting | Sandvin | 635,- / 395,- inkl. bill.avg. |
|
Søndag 10. august | ||||
11:00 | Kurs på Evju bygdetun | Evju bygdetun | 335,- / 435,- inkl. bill.avg | |
11:00 | Kulturtur til Slettelibergja | Slettelibergja | Gratis! | |
13:00 | Olaf G. Helland - 150 år | Bø bok og papir | 235,- inkl. bill.avg. |
|
15:00 | Borgjakonserten: Laura Ellestad & Ottar Kåsa | Nye Sjodar – Evju bygdetun | 285,- inkl. bill.avg. |
|
18:00 | Dylan LeBlanc & Freddy Holm | Bø bakgård & basar (tidl. Meierismuget) | 285,- inkl. bill.avg. |
|