I samarbeid med Universitetet i SørAust-Noreg (USN) og Telemarkforsking vil me invitere til eit fagseminar som vil rette fokus mot folkemusikk i fortid, notid og framtid – med vekt på rekruttering, publikumsutvikling og sjangerutvikling.

Mykje har skjedd i folkemusikken sidan 1989 og mykje kjem òg til å skje dei neste 30 åra. Telemarkfestivalen ønskjer å vere både tilbakeskuande og framtidsretta innanfor folkemusikk-sjangeren. For årets festival vil me både snu oss tilbake og sjå framover, og spørje: Kva er folkemusikk – i fortid, notid og framtid? Det er viktig å verne verne om det særeigne i folkemusikken, samstundes som musikken skal fortsetje å vere aktuell og interessant for nye generasjonar med musikarar, dansarar, lyttarar og tilskodarar.

I samarbeid med Universitetet i SørAust-Noreg (USN) og Telemarkforsking vil me invitere til eit fagseminar som vil rette fokus mot folkemusikk i fortid, notid og framtid – med vekt på rekruttering, publikumsutvikling og sjangerutvikling.

FOLKEMUSIKK I FORTID, NOTID OG FRAMTID:
Rekruttering, publikums- og sjangerutvikling i folkemusikken og folkedansen

Meld deg på via påmeldingsskjema her!

 

Fredag 9. august 2019 – Universitetet i SørAust-Noreg

12:00 Registrering

12:30-12:40 Velkomen og kunstnarisk innslag med Sunniva Langås-Røiland

 

Del 1:

12:45-13:30 Panelsamtale om rekruttering  til folkemusikken og folkedansen.

Kva er det med folkemusikk som lokkar?
Kva gir rekruttering? Kva bør endrast? Kva er målet? Kvar går vegen vidare?
Kva skal til for å halde på sjangeren/tradisjonene? Er det viktig?
Korleis jobbe systematisk med rekruttering av utøvarar?

Paneldeltakarar: Even Westeng (ung utøvar, dans), Guri Røsok (rektor ved Bø musikkskule), Johanne Flottorp (ung utøvar, hardingfele), Sigrid Jore (ung utøvar, kveding, div instrument)
Panelleiar: Anne Svånaug Blengsdalen (Professor ved USN)

13:30-13:45 Kaffipause

 

Del 2

13:45-14:15 Innleiing om kunnskapsutvikling – folkemusikk og forsking
Korleis heng forsking og sjangerutvikling saman, og kva kan kulturpolitisk forsking bidra med når folkemusikkfeltet tenkjer strategisk?
Kva for kunnskap er etterspurt og kva for kunnskap tilbys?

Ved seniorforskar Ola Berge, Telemarkforsking

14:15-15:00 Samtale 1: Rekruttering og publikumsutvikling
Korleis jobbar ulike aktørar i feltet med rekruttering og publikumsutvikling?
Korleis samarbeide om rekruttering og publikumsutvikling?

Paneldeltakarar: Alexandra Archetti Stølen (dagleg leiar, Oslo World), Kristoffer Mosfjeld (dagleg leiar, Telemarkfestivalen), Mari Beate Sannes (festivalkoordinator, Notodden Blues Festival) og Kristian W. Rantala (dagleg leiar, Vinje-senteret)
Panelleiar: Annette Winkelmann (stipendiat, USN)

15:00-15:10 Kaffipause

15:10-15:20 Kunstnarisk innslag ved Caoimhin O Raghallaigh og Dan Trueman

15:20-16:10 Samtale 2: Sjangerutvikling (kulturarv og fornying)
Korleis navigere mellom folkemusikk- og dans, og andre sjangrar, instrument, ny teknologi? Kvar går grensene?
Korleis kan folkemusikkarva best tas vare på i framtida?

Paneldeltakarar: Anders Røine (musikar). Anne Hytta (musikar), Per Anders Buen Garnås (musikar), Unni Løvlid (musikar, førsteamanuensis ved NMH), Ane Carmen Roggen (dagleg leiar, Riksscenen)
Panelleiar: Ola Berge (seniorforskar ved Telemarkforsking)

 

Kl 16:15 Kaffe og mingling – Slutt

Middag: Felles middag på Bø hotell etter fagseminarer for dei som vil frå kl 18:00. 345 kr per person.

 

Tid og stad:

Fredag 9. august 2019 – kl 12:00 – 16:30 i lokalar hjå USN.

Målgruppe:

Fagseminaret vil vere opent og gratis for alle interesserte. Me vil særleg invitere aktuelle arrangørar, musikarar, aktuelle fagmiljø og aktuelle institusjonar til å delta på fagseminaret.

 

Med løyve frå deltakarane ønskjer me å filme fagseminaret, samt skrive eit notat som kan få nytteverdi på eit seinare tidspunkt.

I samarbeid med Universitetet i SørAust-Noreg og Telemarkforsking.

 

Meld deg på via påmeldingsskjema her!

 

I samarbeid med: 

Særskild støtta av: