Telemarkfestivalen 2024 finn stad mellom 8. og 11. august med spennande arrangement med lokale, nasjonale og internasjonale artistar på forskjellige stader i Midt-Telemark.

I høve 100 års-jubileet til Bø stasjon vil festivalen markere jubileet ved ta i bruk Pakkhuset ved Bø stasjon som ein eigen konsertarena for både tingingsverk og temakonsert i samband med festivalen – båe med tog og jernbane som tema.

Bø stasjon – 100 år
I 2024 vil det vere 100 år sidan jernbanen kom til Bø – og verda vart brått mindre. Som så mange andre stader så har jernbana vore enormt viktig for Bø. Jernbana gjorde det meir lettvint for folk å reise ut frå Midt-Telemark og heim igjen – folkemusikarar inkludert. Ein kan såleis peike på korleis utøvarar innan folkemusikk tok med seg tradisjonsmusikken frå Telemark ut i verden, og dei kom gjerne heim med inntrykk frå andre musikktradisjonar som vidare vart med å forme den heimlege tradisjonsmusikken. – Akkurat dette er jo sjølve essensen i arbeidet til Telemarkfestivalen – det å få folkemusikken frå Telemark ut i verda, samstundes som me får folkemusikk frå heile verda til Telemark, og slik sett er det heilt naturleg for Telefestivalen å markere 100-årsjubileet for Bø stasjon, seier dagleg leiar, Kristoffer Mosfjeld, som synes det er veldig stas å kunne ta i bruk det gamle Pakkhuset som konsertarena.– Det er spennande å nytte lokalar der ingen kunne tru at nokon kunne ha konsert. Lokalet har ein sjarm og atmosfære som eg trur vil gi ein veldig fin ramme for fine konsertopplevingar, seier Mosfjeld som elles kan fortelje at arbeidet med å få Pakkhuset klart til avgang som ny konsertarena går på skinner. – Me har god dialog med Bane Nor som eig huset. Dei synest det er moro at det skal nyttast som konsertarena.

Tingingsverket – ei musikalsk togreise
Pakkhuset vil vere både start og endestopp for Telemarkfestivalen 2024. Årets festival har si avgang torsdag 8. august med tingingsverket, «Locus», med felespelar Håkon Aase frå Flatdal som komponist. Aase er fostra opp på tradisjonsmusikken frå Telemark og andre musikkformer i ein musikalsk familie. Trass ung alder har han gjort seg merka med eminent og eigenarta felespel. I tillegg til eigne prosjekt er han fast musikar for mellom andre Odd Nordstoga, og Aase vil òg vere å sjå og høyre i bandet til Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland i «Langt heimafrå»-konserten på Sandvin på festivallaurdagen. Aase omtaler seg sjølv som ein verdsborgar når det kjem til musikk, og han er stadig på reisefot for å la seg inspirere av andre musikkformer rundt om i verda. Han har mellom anna reist mykje med tog i India. I tingingsverket «Locus» vil publikum såleis få vere med på ei musikalsk togreise frå Telemark og ut i verda med Håkon Aase som lokomotivførar og fire fantastiske musikarar som konduktørar; Hans Hulbækmo, Henriette Eilertsen, Frode Haltli og Ole Morten Vågan. Musikken i tingingsverket vil spegle Haakon Aase sin fascinasjon og lidenskap for så vel den norske tradisjonsmusikken så vel som tradisjonsmusikk frå andre delar av verda. Tingingsverket har fått tittelen «Locus» som tyder «stad» på latin. Ordet lokomotiv er derivert frå latin med «locus» og «motivus» som enkelt oversett tyder eit ønskje om å flytte seg frå ein stad til ein annan. På same måte som lokomotiva flyttar seg mellom stader er det lett å tenkje seg at musikken gjer det same.

Naaljos Ljom – tradisjonell folkemusikk i elektronisk tapning
«I dag skal me høyre musikk som ein ikkje fer fram på vanleg orgel eller piano. Dette er folketonar som inneheld tonesteg og intervall som ligg utanfor det vanlege tonesystem». Dette seier Eivind Groven i opptak som ein introduksjon til «Tolvtalsvisa» på Naaljos Ljom si andre plate som kom i 2023. Den kritikarroste duoen vil tek over spakane etter tingingsverket på torsdagskvelden. Naaljos Ljom er sterkt inspirert av Eivind Groven si tilnærming til den tradisjonelle folkemusikken, der dei
blandar tradisjonell norsk mikrotonal folkemusikk med meir elektroniske impulsar. Resultatet er slåande vakkert, forførande, mystisk og rytmisk smittande.

Bø stasjon – 100 år – Gode historier i «salongvogna»
Telemarkestivalen 2024 har sitt endestopp sundag 11. august på Godhuset, og avsluttast med temakonserten «Bø stasjon – 100 år» Her vil ein flott gjeng med historiekunnige midt-telemarkingar møtast til det som garantert vert ein spennande og interessant salongsamtale om Bø stasjon. Samtala i «salongvogna» vil bli leia av Halvor Kleppen, og me vil få høyre Gunleik Hynne, Gunnar Amundsen, Jon Jarle Haugen, Johan Staxrud og Torgeir Straand fortelje om Bø stasjon, rallarar, folkemusikk – gode historier, ramme alvor og harde fakta. Det vert òg sjølvsagt musikk; Jon Jarle Haugen vil framføre eit knippe rallarviser, Vincent Cross frå USA vil framføre nokre «hobo»-viser i anden etter Woody Guthrie, Torgeir Straand kjem med eit par velvalde hardingfeleslåttar – og sist men ikkje minst: Jon Solberg vil framføre ei heilt ny låt skriven spesielt i høve jubileet.