Det nærmar seg festival, og me vil difor kome med informasjon om billettsal som kan vere kjekt å få med seg:
– ALLE billettar til ALLE arrangement vert selt via Gullbring kulturanlegg: http://stutt.no/a29358
– Personar under 18 år må gå i følgje med foreldre/føresatte der det serverast alkohol på staden.
– Personar til og med 15 år betalar halv pris av ordinær billett. Barnebillett kan kun kjøpast over disk i Gullbring kulturanlegg. Frå og med 16 år gjeld ordinære prisar.
– FredagsFOLK og LaurdagsFOLK gjeld for alle konsertane i Gullbring kulturanlegg den aktuelle dagen.
– Det er ikkje høve til å kjøpe billettar til enkeltkonsertar på Gullbring i programmet for FredagsFOLK og LaurdagsFOLK
– Alle prisar er eksklusiv billettavgift. Ved kjøp av billettar over verdsveven tilkjem enda ein hansamingsavgift.
– Alle tidspunkt markerer konsertstart. Publikum bør kome til arena i god tid før konserten startar.
Spørsmål knytt til eBillett og kjøpsprosessen der kan rettast til Gullbring Kulturanlegg / tlf. 350 60 390 /[email protected]
Andre spørsmål knytt til programmet og festivalen for øvrig kan rettes til festivalen/ tlf 482 05 066 / [email protected]